25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

200

Derfor går vi sterkt mot at desse sideformene kjem med i rettskrivinga som jamstelte

hovudformer.

Nokre spesielle omsyn har vore framheva som argument for ei vid norm.

• Skriftmålsinnlæring (i barneskolen): Der er det no allment godteken pedagogikk at

barna "skriv seg inn" med utgangspunkt i eigen tale, og det tek mange år før

rettskrivingsfeil blir retta strengt. Dette momentet har derfor ikkje same vekt som

før.

• Første opplæring i sidemål: Ei vid norm gjer det lettare for elevar å prøve seg fram

ut frå eige talemål, og aukar attkjenningsgevinsten. Når røynde lærarar seier at dette

er ein føremon for somme elevar, er det berre å ta det til etterretning. Spørsmålet blir

korleis ein kan kome dette omsynet i møte utan å gjere rettskrivinga uhandterleg

vid.

• Kunstnarleg bruk: Formelt sett står skjønnlitterære forfattarar fritt til å forme si eiga

norm (i dialog med forlag og andre utgjevarar). At dei skal ha rettskrivinga som

ryggstø i alt formval kan vanskeleg vere eit stort omsyn – særleg av di norsk

utgjevartradisjon er å vere raus når det gjeld personleg uttrykk.

• Profesjonell sakprosa: Her blir det ofte kravt offisiell rettskriving, særskilt i

litteratur som kan vere aktuell for skulen. Men høyrer det ikkje med til det å vere

profesjonell forfattar eller journalist å meistre den rettskrivinga som gjeld, og dei

normene for skriftleg uttrykk som finst Dette kan ikkje vere eit stort omsyn i seg

sjølv.

• Forventninga om personleg fridom innanfor nynorskrettskrivinga: Lovnader om å

finne høve til talemålstilpassing og personleg uttrykk i nynorskrettskrivinga har nok

vore i omlaup i mange år, med varierande gjennomslag, men for mange er dette

viktig. Spørsmålet er kor viktig det er i høve til heilskapen (dvs heile

nynorskrettskrivinga).

Noko om "rettskriving" versus "norm"

I kapittel 1 er det skrive innsiktsfullt om normer og normdanning. Men i høve til den

aktuelle normeringsprossessen for nynorsk kan det sjå ut som om normdanning får for

mykje vekt jamført med dei meir tekniske sidene ved arbeidet. Ein kan få inntrykk av at

rettskrivinga representerer ei norm, og at den norma er legitim berre om ho er vedteken

på demokratisk vis med breiast mogleg deltaking.

Vi som står bak framlegg B, meiner at nynorskrettskrivinga først og fremst er ei

rekkje svært spesifiserte vedtak om stavemåte og bøying, med eit definert bruksområde.

I tillegg er det ynskeleg at nynorskrettskrivinga har positiv normstatus, slik at ho blir

nytta også av dei som ikkje er nøydde til å rette seg etter henne. Språkrådet har også

arbeidsoppgåver på det området, og det må sjølsagt følgjast opp.

Det finst mange samfunnsområde der framlegg til regelsett må utformast av

spesialistar av di det krev stor teknisk fagkunnskap å forstå følgjene av vedtak, og

likeins korleis vedtak må formast for å vere funksjonelle i det systemet dei skal verke i.

Denne standardiseringssida er ei viktig side ved fastsetjing av rettskriving. Det vil ikkje

seie at ein ikkje skal prøve å oppnå breiast mogleg støtte for vedtak. Kvalitetsmerket på

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!