25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

20

dialekt er det ikkje gjeve korleis ordet skal skrivast.

Nynorsk skriftspråk er ikkje basert på ei fast talemålsnorm, men som me såg i

førre kapittel, har talemålet vist att i stadig større valfridom innanfor dei offisielle

skriftnormalane på 1900-talet. Norma har heile tida balansert mellom to prinsipp: folkemåls-

og einskapsprinsippet. Folkemålsprinsippet har språkleg fridom eller valfridom

som sentralt omgrep. Dialektmangfaldet skal få koma til orde, bokstaveleg tala, for med

stor valfridom i skriftnormalen kan ein skriva nær opp til talemålet sitt, og dermed

meistra skriftspråket lettare. Dette pedagogiske momentet har alltid vorte understreka i

normeringsdebatten. Nynorskbrukaren skal få overføra ”hjartespråket” til skrift.

Valfridomen gjev høve til nyansering og til å variera skriftformene etter stilkjensla til

den einskilde. Det inneber identifikasjon, sjølvkjensla blir styrkt, uttrykksbehovet

stimulert. Dette har vore sett på som noko særskilt og verdfullt ved nynorsken. For

skuleborn som får så mykje bokmål inn frå alle medium, kan det letta skrivinga å

”skriva som dei snakkar”. Forsøk med lese- og skriveopplæring knytt til elevtalemålet

har ført til at borna sjølve analyserer sitt eige talemål meir presist, og i den samanhengen

er talemålsnære skriftspråksformer ein føremon. Forfattarar og til dels journalistar

utnyttar den faktiske variasjonen for å gje språket sitt ein regional og til dels personleg

farge, det same har folk som ikkje må følgja læreboknormalen, høve til.

Arbeidet for valfrie former har likevel ikkje berre hatt som mål å koma dialektområde

og dialektformer i møte. Under reformstrevet på 1900-talet var det også klår

politikk å samordna bokmål og nynorsk innanfor ei tilnærmingslinje. Det førte til at

dobbel-/tilnærmingsformene auka (i begge målformer). I læreboknormalen frå 1959 er

samnorsktanken sterkt framme. Men i realiteten var denne ideologien forlaten lenge før

2000.

Bak einskapsprinsippet står også eit pedagogisk omsyn, ynsket om ei einskapleg

norm, dvs. ei norm som bør vera enkel, klår og helst ha unntakslause rettskrivingsreglar,

vera lett å læra og bli brukt på same måten av flest mogleg brukarar. Her er altså

prinsippet at ved å redusera valfridomen gjer ein nynorsken enklare å bruka. – ”ein fast

og fylgjestreng skrivemaate, ein som kann spara skulen, so mykje som råd er, for det

skjeple og hefte det er, i vissa for nynæmingen, aa sjaa eitt og det same skrive snart paa

ein maate og snart paa ein annan” (Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne,

tillegg til Universitets- og skuleannalar 1899). Det er dei visuelle førebileta som fremjar

skriveopplæringa, og når ein les, blir skriftbileta prenta inn. Sidan nynorsk viser så

mykje mindre att i skrift enn bokmål, er det då avgjerande at nynorskbrukaren ikkje

møter mange ulike normvarietetar. Det krevst stor innsikt i eige språk å vita kva ein skal

velja. Systemet med stor valfridom er komplisert og vanskeleg, ein kan bli usikker, må

stadig slå opp i ordlista og får ikkje utvikla eit snøgt, automatisert skriftspråk. Elevar

hevdar at ordlister og ordbøker er innvikla å bruka på grunn av forkortingar, teikn og

kodar, og for mange innfløkte allmenne reglar som står i innleiinga i ordlistene, og ikkje

i sjølve den alfabetiske lista. Mangfaldet hemmar i staden for å frigjera. For dei som har

nynorsk som sidemål, kan valfridomen verka overveldande. Med lite av både skriftleg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!