Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

198 skal falle bort, er Språkrådet forplikta til å ta stilling til kva som skal skje med sideformene. To ytterstandpunkt er moglege. Det eine er å ta vekk sideformstatusen og vedta at den nye rettskrivinga skal omfatte alt som no er del av den vidare rettskrivinga. Det andre er å setje den nye rettskrivinga lik den noverande læreboknormalen (modifisert av 2000-framlegget), og ta ut alt som ligg utanfor den (stryke "innhaldet i klammene"). Ingen av ytterstandpunkta blir eller er blitt målborne frå referansegruppa som har fått i oppdrag å utarbeide denne utgreiinga. Den mest ynskjelege utgangen på arbeidet er heilt klart samrøystes framlegg på flest mogleg punkt. Det er ynskjeleg at debatten om den framtidige nynorskrettskrivinga under høyringsrunden og i tida fram mot årsmøtet 2003 skapar ei fastast mogleg sams plattform for framtidig normering av nynorsk skriftmål. Den opne høyringa november–desember 2002 er ein lekk i arbeidet med å skape ei slik plattform, slik at vedtak på årsmøtet i Språkrådet 2003 kan vere så velfunderte som vi kan få til. 2 Samla grunngjeving for motframlegg til punkt i kapittel 2 På møtet 13.5.02 var det lagt fram for nynorskseksjonen i Språkrådet ei rekkje einskild– framlegg, ordna i to rammeframlegg A og B. Båe framlegga gjekk ut på å ta ut frå rettskrivinga mange drag ved bøyingsverket som har sideformstatus, og som har synt seg å vere lite brukte (sjå kapittel 3). Men etter framlegg A skulle ein ta inn i rettskrivinga mykje meir av dei noverande sideformene enn det talsmennene for framlegg B ynskte. Skilnaden mellom framlegg A og framlegg B gjeld då punkt som er behandla i kapittel 2. Dei fire punkta som er viktigast i høve til framlegg B, er 2.1.1.b Diftongar – monoftongar: øy/ø og au/ø, au/o 2.1.2.c Former med og utan j etter g og k 2.2.1.b Hankjønnsord med -ar/-er i fleirtal 2.2.4.h Verb med preteritum på -de eller -te Framlegg B har også motframlegg til følgjande punkt: 2.2.1.d -a/-i i bunden form eintal av sterke hokjønnsord og bunden form fleirtal av inkjekjønnsord 2.2.3.d nokon/noen 2.2.4.a Infinitivsending på -a eller -e eller kløyvd infinitiv 2.2.4.b Kort- og langformer i infinitiv og utlydande -d i preteritum av sterke verb 2.2.4.e Sterkt og svakt presens og perfektum partisipp av sterke verb som i infinitiv sluttar på trykktung vokal 2.2.4.g Valfri a-bøying, e-bøying og blanda bøying i verb med tidlegare val mellom a- og e-bøying Utfyllingar til kapittel 2 gjeld følgjande punkt 2.1.2.a Ord med enkel eller dobbel m (gjeld typen fridom - fridomen / fridommen) Omtalen av kvart punkt kjem i same orden nedanfor som i kapittel 2.

199 I kapittel 2 er kvart vedtaksframlegg dokumentert i høve til malen nedanfor, som er nytta så langt han vart funnen relevant i høve til framlegg A: a) Talemålsutbreiing b) Utbreiing i skriftleg bruk c) Den indre bygdnaden d) Ordgruppe (ein klasse) e) Identitetsuttrykk f) Nytt (jamført med gjeldande rettskriving) Bruken av denne malen har tydeleggjort for framleggsstillarane bak B at grunnhaldningane attom framlegg A og framlegg B er ulike, og at det kan vere nyttig å setje ord på denne ulikskapen. Dette er gjennomgripande haldningar som gjer seg gjeldande i høve til alle framlegg der det er dissens. Skilnadene gjeld dels synet på tilhøvet mellom individ og samfunn, tale og skrift. Slik vi les grunngjevingane for framlegg A, ser det ut som om: • Det blir gått ut frå at alle har trong til å kunne forme ei personleg rettskriving basert på eigen tale, og at den talen er eit stabilt målføre med solid lokal forankring og i allmenn lokal bruk. • Dette pårekna behovet blir nytta som argument for å ta inn i nynorskrettskrivinga språkdrag som fell saman med bokmål. • Spørsmålet om bokmålspåverknad på talen blir ikkje drøfta. • Det blir ikkje teke høgd for at folk flytter og blir påverka språkleg frå mange hald, slik at målførebakgrunn gjev mindre stø no enn før. • Det blir ikkje nemnt at den nøytrale (og ofte upersonlege) språkbruken i omfang er større enn den personlege, og at det er i møtet med den mange skiftar målform. • Det blir ikkje sett fram som eit mål at skriftmålet skal halde seg stabilt (endringar i norma bør kome etter endringar i bruksspråket, ikkje omvendt). • Skriftmålet blir ikkje tilkjent ei eiga rolle i høve til kontinuitet, påverkingskraft eller identitetsberar. • Behovet for å ha ei stabil og regelfast rettskriving som er handterleg for uøvde (arbeidstakarar, lærarar og elevar) blir ikkje nemnt. Slik det ser ut, legg framleggsstillarane bak framlegg B større vekt på skriftmålet som sjølvstendig, sameinande og kulturberande faktor enn det er gjort i argumentasjonen for framlegg A. I eit historisk perspektiv kan ein sjå det som normalt at eit ungt skriftmål med lite stø i litteratur må byggje på talemålsunderlaget og liggje tett på talen. Det vil ikkje seie at det er eit langsiktig mål å halde fram slik. Eit etablert skriftmål har ei anna påverknadskraft nettopp av di det er stabilt. Da er det ei trygg intellektuell investering å lære det skikkeleg, nettopp fordi det ikkje kjem til å endre seg så fort. Vi meiner at 50 år med læreboknormalen har ført nynorsk skriftmål fram til å bli eit standardspråk. Vi ser endringsframlegg som dei fire første vi har lista opp, som systemoppløysande, og meiner at slike endringar gjer sitt til å svekkje og ikkje styrkje nynorsk som bruksmål.

198

skal falle bort, er Språkrådet forplikta til å ta stilling til kva som skal skje med

sideformene. To ytterstandpunkt er moglege. Det eine er å ta vekk sideformstatusen og

vedta at den nye rettskrivinga skal omfatte alt som no er del av den vidare rettskrivinga.

Det andre er å setje den nye rettskrivinga lik den noverande læreboknormalen

(modifisert av 2000-framlegget), og ta ut alt som ligg utanfor den (stryke "innhaldet i

klammene").

Ingen av ytterstandpunkta blir eller er blitt målborne frå referansegruppa som har fått

i oppdrag å utarbeide denne utgreiinga. Den mest ynskjelege utgangen på arbeidet er

heilt klart samrøystes framlegg på flest mogleg punkt. Det er ynskjeleg at debatten om

den framtidige nynorskrettskrivinga under høyringsrunden og i tida fram mot årsmøtet

2003 skapar ei fastast mogleg sams plattform for framtidig normering av nynorsk

skriftmål. Den opne høyringa november–desember 2002 er ein lekk i arbeidet med å

skape ei slik plattform, slik at vedtak på årsmøtet i Språkrådet 2003 kan vere så

velfunderte som vi kan få til.

2 Samla grunngjeving for motframlegg til punkt i kapittel 2

På møtet 13.5.02 var det lagt fram for nynorskseksjonen i Språkrådet ei rekkje einskild–

framlegg, ordna i to rammeframlegg A og B. Båe framlegga gjekk ut på å ta ut frå rettskrivinga

mange drag ved bøyingsverket som har sideformstatus, og som har synt seg å

vere lite brukte (sjå kapittel 3). Men etter framlegg A skulle ein ta inn i rettskrivinga

mykje meir av dei noverande sideformene enn det talsmennene for framlegg B ynskte.

Skilnaden mellom framlegg A og framlegg B gjeld då punkt som er behandla i kapittel

2. Dei fire punkta som er viktigast i høve til framlegg B, er

2.1.1.b Diftongar – monoftongar: øy/ø og au/ø, au/o

2.1.2.c Former med og utan j etter g og k

2.2.1.b Hankjønnsord med -ar/-er i fleirtal

2.2.4.h Verb med preteritum på -de eller -te

Framlegg B har også motframlegg til følgjande punkt:

2.2.1.d -a/-i i bunden form eintal av sterke hokjønnsord og bunden form fleirtal av

inkjekjønnsord

2.2.3.d nokon/noen

2.2.4.a Infinitivsending på -a eller -e eller kløyvd infinitiv

2.2.4.b Kort- og langformer i infinitiv og utlydande -d i preteritum av sterke verb

2.2.4.e Sterkt og svakt presens og perfektum partisipp av sterke verb som i infinitiv

sluttar på trykktung vokal

2.2.4.g Valfri a-bøying, e-bøying og blanda bøying i verb med tidlegare val mellom

a- og e-bøying

Utfyllingar til kapittel 2 gjeld følgjande punkt

2.1.2.a Ord med enkel eller dobbel m (gjeld typen fridom - fridomen / fridommen)

Omtalen av kvart punkt kjem i same orden nedanfor som i kapittel 2.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!