25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

197

som eit moderne standardspråk, eit velutvikla og nøytralt medium for all slags bruk og

alle slags tankar. Den vidare rettskrivinga har samstundes lagt til rette for lokal og

individuell tilpassing av nynorsk skriftmål innanfor rettskrivinga, og såleis legalisert –

og legitimert – påstanden om at nynorsk skriftmål representerer alt norsk talemål og kan

ta opp i seg ordtilfang og målføredrag frå alt norsk folkemål på ein heilt annan måte enn

det bokmålet kan eller gjer. Dette er i sin tur viktige argument for fotfolket i

nynorskorganisasjonane når dei skal tale nynorskens sak, til dømes i samband med

skulemålsspørsmål.

Denne ordninga har nynorskfolk, i alle fall organiserte og aktive nynorskfolk, vore

godt nøgde med, og mange er det framleis, jf. framlegget frå Johan Myking (vedlegg 4).

Opptaket til å fjerne ordninga med hovudformer og sideformer kom ikkje frå

nynorskbrukarane, men frå Kulturdepartementet, og er knytt til at systemet med hovudog

sideformer vil bli oppheva for bokmålet sin del. Denne saka er endeleg avgjort, og

blir rekna som ei følgje av at tanken om politisk styrt tilnærming mellom målformene er

lagd til sides for godt (pkt 1.1.1).

Dette stiller nynorskstrategane framfor ei ny utfordring. Nynorsk er eit

minoritetsspråk og under konstant press frå bokmål. Spørsmålet er om nynorsk kan bli

ståande som eit "klammeformspråk" når bokmålet kvittar seg med dette systemet. Eit

rettskrivingssystem med to statusnivå er ein kuriositet i lingvistisk samanheng, om ein

jamfører med andre europeiske standardspråk, og det kan skape inntrykk av at tilhøva

rundt nynorsk skriftmål er meir kompliserte og mystiske enn dei er. Spørsmålet om

sideformene (klammeformene) kan med andre ord vere like mykje som eit spørsmål om

framtoning og førsteinntrykk som om praktisk funksjon.

Språkrådet har i denne situasjonen lagt avgjerande vekt på å få undersøkt funksjonen

ved det noverande systemet, jf. punkt 1.4 der dei såkalla punktgranskingane er refererte.

Punktgranskingane utgjer ein viktig del av grunnlaget for haldningsvurderingane bak

einskildframlegg både i framlegg A og framlegg B, men tolking og vektlegging har ulik

tendens. Etter punktgranskingane å dømma er formene i læreboknormalen dominerande

i prent, medan sideformene er temmeleg dårleg representerte, også i tilfang med sterk

lokal tilknyting. I upublisert tilfang står i alle fall somme av sideformene monaleg

sterkare. Dette kan ikkje kallast overraskande funn, og sidan det er lett å sjå grunnar for

at det må vere slik, har desse funna neppe hatt utslagsgjevande verknad for

strategidebatten innetter mellom nynorskbrukarar.

Nynorskseksjonen i Språkrådet og det interesserte omland har hatt tilgjenge til både

punktgranskingane og til å delta i debatt om dei språkpolitiske utfordringane som har

kome opp for nynorskbrukarane. Debatten har så langt vore sakorientert – ingen ynskjer

strid, alle ynskjer ein styrkt posisjon for nynorsk. Men synspunkta på korleis ein oppnår

dette, sprikjer sjølvsagt. Dette har førebels ført til at landsmøtet i Noregs Mållag har gått

inn for å halde på hierarkiet i rettskrivinga (april 2002) medan nynorskseksjonen i

Språkrådet har gått inn for å fjerne det (seksjonsmøtet 13.5.02). I båe forsamlingar var

det eit stort mindretal for det motsette standpunktet, og det ville vere urett å seie at

frontane er fastlåste, eller ein gong at det er klare frontar.

Nynorskseksjonen i Språkrådet har no fleirtal for at systemet med hovudformer og

sideformer skal avviklast. Dersom systemet med hovud- og sideformer i rettskrivinga

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!