25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

196

valfridommen innanfor læreboknormalen for nynorsk, dels ved å nedgradere former frå

hovudformer til sideformer, dels ved å fjerne svært lite brukte former frå rettskrivinga.

Dette arbeidet resulterte i det såkalla 2000-framlegget, som kom i retur frå

Kulturdepartementet, jf. punkt 1.1 og vedlegg 1 til dette skriftet.

Kulturdepartementet har returnert 2000-framlegget til Språkrådet og bede om ei ny

utgreiing på andre premissar. No er hovudspørsmålet ikkje lenger å snevre inn

læreboknormalen innanfor det eksisterande rettskrivingshierarkiet, men å vurdere om

det er mogleg å oppheve systemet med hovudformer og sideformer, og vidare vurdere

korleis rettskrivinga da skal sjå ut.

Retningslinjene som Norsk språkråd ved referansegruppa har arbeidd etter, står først i

vedlegg 2 og lyder som følgjer:

1 Den valfridomen i læreboknormalen som var resultatet av vedtaka på rådsmøtet i

2000, blir ståande som valfridom i den reviderte norma.

2 Dei sideformene som rådsmøtet i 2000 vedtok å avskaffa, blir ikkje vurderte på nytt

no.

Det ligg dermed i mandatet for denne utgreiinga å vurdere lagnaden til

a) ord og former som vart sideformer etter 2000-framlegget

b) ord og former som er sideformer i gjeldande rettskriving, og som ikkje skulle

fjernast frå rettskrivinga etter 2000-framlegget (jf. omtale punkt 1.6)

Men denne utgreiinga må ta utgangspunkt i gjeldande rettskriving med gjeldande

hovud- og sideformer. 2000-framlegget er avvist som framlegg om rettskrivingsendring,

og har berre status som eit forarbeid til denne utgreiinga. Det er derfor (i kapittel 3)

gjort greie for alle framlegg om å fjerne ord og former frå nynorskrettskrivinga, anten

framlegget skriv seg frå 2000-framlegget eller kjem frå referansegruppa (på bakgrunn

av seksjonsvedtak 13.5.02). Dersom eit framlegg skriv seg frå 2000-framlegget, er det

nemnt. Likeins syner tabellsamandraget for alle vedtaksframlegg (Punkt 4.1) om eit

framlegg skriv seg frå 2000-framlegget.

Referansegruppa har som nemnt delt seg i synet på korleis ei rettskriving for nynorsk

med berre hovudformer bør sjå ut. I dette arbeidet har båe grupper somtid gått utanfor

premissane som er nemnde ovanfor, og revurdert ymse mindre punkt i 2000-framlegget.

Det framgår av omtalen kvar dette er gjort.

Vi vil heretter nemne dei to som Framlegg A (= fleirtal på møtet i nynorskseksjonen

13.5.02, i referansegruppa representerte ved Sandøy, Vikør og (frå september 2002)

Forfang) og Framlegg B (= mindretal på møtet i nynorskseksjonen 13.5.02, i

referansegruppa representert ved Grønvik, Runnestø, Skadberg og Veka, og ved

Faarlund til han gjekk ut or referansegruppa i juni 2002).

1 b) Stoda for nynorsk bruksmål og normeringsbehov ut frå dette – status

Hierarkiet i nynorskrettskrivinga har ein viktig språkpolitisk funksjon som har vore

rekna som føremålstenleg av nynorskens brukarar og talsmenn. Læreboknormalen gjev

eit nødvendig minstemål av autoritet til ynsket om at nynorsk skriftmål skal framstå

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!