25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

195

Vedlegg 3:

Framlegg frå Oddrun Grønvik, Olav Veka, Eilov Runnestø og Kåre Skadberg –

28.10.02

Dette vedlegget til utgreiing om endring av rettskrivinga for nynorsk, skal først og

fremst setje fram motframlegg til dei endringsframlegga som er presenterte i kapittel 2,

jf. liste i avsnitt 2 nedanfor. Vidare skal desse motframlegga grunngjevast, kvar for seg

og samla. Det er også nødvendig – som bakgrunn for motframlegga – å gje ei stutt

statusskildring av bakgrunnen for arbeidet med nynorskrettskrivinga i denne

språkrådsperioden. Det skal seiast at dette er nødvendig ikkje fordi det er usemje om

realitetane, korkje når det gjeld den større bakgrunnen eller den konkrete saka, men

fordi det er (minst) to ulike syn i referansegruppa (og nynorskseksjonen i Språkrådet) på

korleis realitetane skal tolkast, og på kva tiltak nynorsk skriftmål og det nynorske

språksamfunnet er best tente med.

Det som følgjer, er

1 status for a) normeringa av nynorsk rettskriving og b) nynorsk som bruksmål

2 samla grunngjeving for motframlegg 2.1.1.b–2.2.5.a

3 presentasjon og særleg grunngjeving for motframlegg 2.1.1.b–2.2.5.a.

1 a) Normeringa av nynorsk rettskriving – status

Nynorsk skriftmål har i dag eit system med ein heller trong læreboknormal definert

gjennom hovudformer, og ei vidare rettskriving, som omfattar både hovudformer og

sideformer (dei siste også kalla klammeformer på grunn av føringsmåten i ordbøker og

ordlister, med skarpe klammar rundt sideformene). Dette systemet gjeld til noko anna

er vedteke av heile Språkrådet, og vedtaket er sanksjonert av Kultur- og

kyrkjedepartementet. Endringar i nynorskrettskrivinga kan tidlegast ta til å gjelde frå

(ein dato i 2004).

Gjennom det definerte bruksområdet for læreboknormalen har det todelte systemet for

nynorskrettskrivinga gjort det mogleg å få ei stabil skriftnorm for nynorsk som arbeidsog

undervisningsspråk, Skriftspråket har fått eigentyngd. Samstundes har den vidare

rettskrivinga gjort det mogleg å forme ut eit meir personleg skriftmål for dei som

ønskjer det. Intensjonen har vore at den vidare rettskrivinga skulle gjere det mogleg å

leggje nynorsk skriftmål opp mot talemålet i alle delar av Noreg. Ein annan intensjon

har vore å spare urøynde brukarar, særleg skuleelevar, for å få feil for spontan og

talemålsbasert skriftmålsbruk. Nynorsk rettskriving skal stutt sagt spenne over både eit

nasjonalt standardskriftmål, og eit fullt register av meir eller mindre fintilpassa lokale

skriftmålsuttrykk.

Kjernen i rettskrivinga for nynorsk er læreboknormalen. I den er lyd, bøyingsverk og

grammatikk for nynorsk skriftmål klarast systematisert og uttrykt. Trass i dette har det i

seinare år vore misnøye med at læreboknormalen er for vid, har for mange alternativ og

for få unntaksfrie reglar. I førre periode (1996–1999) gjennomførte Norsk språkråd ved

fagnemnda derfor eit utgreiingsarbeid for å sjå om det let seg gjere å avgrense

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!