25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

19

I åra etter 1997 gjekk fagnemnda igjennom heile rettskrivinga og la for rådsmøtet

i 2000 fram eit framlegg som bygde på desse prinsippa. Mange jamstilte former i

læreboknormalen vart no føreslått ”degraderte” til sideformer. Nokre former og formgrupper

som no er klammeformer, vart det føreslått å fjerna (t.d. [-er] i presens av sterke

verb, som i [finner], [kjemer]). Rådet godkjende dei fleste av framlegga, og justerte fagnemndframlegga

på nokre punkt. Resultatet var ein normal med færre hovudformer og

fleire sideformer enn før. (Resultatet av rådsmøtevedtaka er heretter kalla 2000-

framlegget, jf. vedlegg 7. Jamfør under 1.6 om forholdet mellom den gjeldande

rettskrivinga og 2000-framlegget.)

Kulturdepartementet, som hadde den endelege makta til å godkjenna vedtaket og

setja det i verk, valde likevel å be om ei nærare utgreiing av visse sider ved vedtaket i

eit brev datert 5.12.2000, jf. vedlegg 1. Først og fremst ynskte departementet å få greidd

ut om og korleis systemet med klammeformer kunne opphevast. Bakgrunnen var at

bokmålsseksjonen alt hadde gjort eit slikt vedtak for si målform.

Språkrådet tok difor i 2001 opp att arbeidet med ei nyvurdering av normalen, med

tanke på dei spørsmåla departementet hadde stilt i brevet sitt. Denne utgreiinga er eit

ledd i dette arbeidet. Me viser til innleiinga når det gjeld den vidare saksgangen.

I 2002 har departementet varsla at tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk

språkråd (§ 1b) bør opphevast (sjå ovanfor). Departementet har i St.meld. nr. 9 (2001–

2002) gjeve uttrykk for at ”den såkalla tilnærmingslinja i forholdet mellom bokmål og

nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk”, og den føreslåtte endringa blir

truleg vedteken av Stortinget. Det blir ei formalisering av ei omlegging som i praksis for

lengst er gjennomført. Først og fremst for bokmålet, men også på nynorsksida har tilnærming

til den andre målforma vore eit ikkje-argument frå 1970-åra av. Dei endringane

som har vore gjorde i nynorsknormalen etter 1972, har alle vore grunngjevne ut frå

tilhøvet til talemålet (målføra) og skrifttradisjonen i nynorsk.

1.4 Valfridom

1.4.1 Ideologisk

Ulike skriftspråk er meir eller mindre ortofone. I somme språk, t.d. finsk og italiensk, er

samhøvet mellom språklyd og skriftteikn relativt tett, slik at dei som lærer å skriva

språket, berre treng læra seg prinsippa for dette samhøvet, og dessutan sjølvsagt tilhøvet

mellom sin eigen dialekt og standardspråket som ligg til grunn for skriftspråket. På den

motsette ytterkanten finn me språk som engelsk og irsk, der språkbrukarane lyt læra

skrivemåten av så å seia kvart ord for seg. Di nærare denne ytterkanten eit skriftspråk

ligg, di viktigare blir det med ei fast norm som mønster. Norsk ligg ein stad mellom

desse to ytterpunkta, kanskje nærare eit ortofont system enn det idiosynkratiske

engelske systemet. Når ein ser eit norsk ord skrive, kan ein nesten alltid utleia korleis

det blir uttala. Men det motsette er ikkje alltid tilfellet. Ut frå uttalen i ein eller annan

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!