25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

18

tidlegare utestengde tradisjonelle former (åtti- og nittiåra). Døme kan vera

klammeforma på -a i ubunden form av svake hokjønnord (ei visa; 1983), jamstillinga av

me og vi (1983), jamstillinga av -de- og -te-ending i e-verb med stammeutlyden -r

(førde, styrde ved sida av førte, styrte; 1986) og ”nyopptaket” av klammeformene so,

urd, skard attåt hovudformene så, ur, skar (1995).

I målrørsla har det skjedd ei dreiing frå eit ”talemålssyn” med vekt på valfridom til

eit meir tradisjonalistisk syn – med mange nyansar i begge leier. Såleis finn me ein meir

tradisjonell nynorsk i målideologiske tekstar no enn i syttiåra. Men den ikkje-ideologiske

eller prototypiske nynorsken ser ut til å ha gått i ei anna lei. Her verkar det som

det har skjedd ei konsolidering etter dei linjene me skisserte ovanfor: ein moderat tradisjonell

læreboknynorsk – med visse variasjonar, ikkje minst regionalt, men klårt mindre

enn før. Den dominerande nynorsken kan sjå ut til å ha fått ei ganske fast form, med ein

regulert variasjon på visse symbolsk viktige punkt og ganske einsarta formval elles. Av

dei nye formene Språkrådet har tillate, har me klart styrkt seg, og -de-formene i verb på

-r- har òg kome ein del i bruk, medan a-forma i ubunde eintal svakt hokjønn berre har

vorte ei ideologisk markeringsform.

1996–2002

I 1996 tok fagnemnda i Språkrådet opp til nyvurdering både bokmåls- og nynorskrettskrivinga,

særleg med tanke på å gjennomgå valfridomen. Nynorskseksjonen i rådet

vedtok på møtet sitt i 1997 desse prinsippa for ein revisjon av nynorskrettskrivinga:

1 Nynorsknorma skal ha ein trong læreboknormal, men ei rettskriving med stor

valfridom.

2 Det skal ikkje vere valfridom innanfor læreboknormalen utanom på dei mest sentrale

punkta der det både er skrifttradisjon for valfridom og svært god talemålsdekning for

to hovudformer.

3 Hovudgrunnlaget for val av lærebokformer skal vere den nynorske skrifttradisjonen.

Ein skal leggje vekt på utbreiinga i målføra og den indre bygnaden i skriftmålet.

4 Innanfor rettskrivinga kan ein opne for utbreidde talemålsformer. Eit minstekrav til

nye former i rettskrivinga er at dei representerer det dominerande dialektsystemet i

minst ein av dei fire landsdelane (dvs. Austlandet, Vestlandet, Trøndelag og Nord-

Noreg).

5 Normeringsvedtak skal i størst mogleg grad gjelde klassar av ord eller former. Ved

endringar i rettskrivinga skal ein unngå å skiple grunnleggjande systemdrag i skriftmålet.

På årsmøtet i 2000 vart dette tilleggspunktet vedteke:

6 Ein skal ikkje ta ut or rettskrivinga former som dominerer i dialektsystemet i minst éin

av dei fire landsdelane.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!