25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

174

2.2.4.i Sterke perfektum partisipp kan ha -en/-i i hokjønn (skriven/skrivi)

Når dei sterke partisippa står til eit hokjønnsord (jf. boki er skrivi), skal dei innanfor i-

målet ha endinga -i. Dette systemsamsvaret er utbreidd i dialektane. Elles er endinga -en

det vanlege i nynorsk skriftmål: boka er skriven.

• Mindretalet har motframlegg om å ta ut den noverande klammeforma med [-i].

2.2.4.j Sterk og svak bøying av eige

Dette gjeld berre dette eine verbet, som nokså ofte blir svakt bøygd i preteritum og

perfektum partisipp.

2.2.4.k Samsvarbøying av svake perfektum partisipp i predikativ stilling (typen dei

er kjende/kjent)

Det blir fri samsvarbøying av svake partisipp i predikativ stilling og obligatorisk bøying

av sterke partisipp i denne posisjonen: dei er kjende/kjent, men dei er skotne. Det er

dekning for dette i både dialektane og skriftmålet.

2.2.5 Adverb

2.2.5.a Adverb med a-/-an- framfor konsonant i retningsadverb/preposisjonar

(typen austafor/austanfor)

Dette gjeld nokre vanlege ord, som utafor/utanfor. Formene med a- eller an- skal

framleis vera valfrie. Begge er utbreidde i både dialektane og skriftmålet.

2.3 Einskildord

Ein heil del einskildord som fell utanfor dei ordgruppene som er nemnde ovanfor, skal

framleis ha valfrie former.

• Mindretalet har motframlegg om at 19 av dei valfrie formene skal bort, til dømes

[enten], [muleg], [gjøre] og [hjerte].

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!