25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

17

nytta ein del av folk som ville gje austlandsfarge til språket, men -a har nok dominert i

bruken. Sameleis vart -i gjord til hovudform i supinum av sterke verb og den tradisjonelle

e-endinga degradert til sideform, også dette fordi ein tenkte seg at -i (vori,

funni) hadde større tilnærmingspotensial, sidan denne endinga dominerte særleg på

Austlandet. I ”umarkert” nynorsk frå denne tida verkar det òg som at desse i-formene

dominerte.

I 1952 vart Norsk språknemnd skipa, med det føremålet å ”arbeida for tilnærming

mellom målformene på norsk folkemåls grunn”. Språknemnda fekk i oppdrag å

utarbeida ein læreboknormal for begge målformene. Resultatet av det vart utgreiinga

Framlegg til læreboknormal 1957.

1959–1996

I 1959 kom så den neste reforma etter vedtak i Stortinget, den nye læreboknormalen. I

røynda var det ei ny rettskriving, sidan heile systemet vart revidert, ikkje berre

læreboknormalen. Ho bygde på Framlegg 1957, men vart noko justert etter eit hardt

ordskifte. Reforma nærma nynorsken endå meir til austlandsdialektane og bokmålet, og

utvida dessutan valfridomen ganske kraftig. Denne reforma var òg kontroversiell, men

vart likevel etter få år godteken som eit brukande grunnlag for nynorsk skriftmål, og i-

målet vart svekt og marginalisert. Utover i seksti- og syttiåra skjedde det ei konsolidering

av nynorsken kring ei midtlinje innanfor læreboknormalen, medan det framleis,

også innanfor normalen, var mogleg å markera seg i tradisjonell eller radikal lei

gjennom formvalet sitt, særleg for dei som også gjorde bruk av sideformene. Såleis oppstod

det ein situasjon med ein prototypisk midtlinjenynorsk boren oppe av sentrale teksprodusentar

som Det Norske Samlaget og Dag og Tid, attåt ulike særvariantar knytte til

tradisjonalistar, dialektforkjemparar og samnorskfolk. Skal me karakterisera denne

midtlinjenynorsken, slik han m.a. viser seg i Nynorsk frekvensordbok frå åra rundt 1980,

må det bli noko slikt som ein ”moderat tradisjonell læreboknormal-nynorsk”. Det vil

seia at ein nyttar hovudformer og unngår klammeformer, og at ein ved valfrie hovudformer

helst vel den mest tradisjonelle. Eit unntak frå dette er infinitiven, der endinga -e

no ekspanderte så kraftig at ho vart meir og meir umarkert og nøytral. A-infinitiv vart

etter kvart til ei markørform for tradisjonalistar og ei regional form for Sør-Vestlandet.

Kløyvd infinitiv, som no var redusert til sideform, har òg vorte ei rein markørform, og

likeins supinumforma på -i, jamvel om den framleis er jamstilt med -e.

I 1972 vart Språknemnda avløyst av Norsk språkråd, som hadde ein sterkt svekt

tilnærmingsparagraf: Rådet skulle ”støtte opp om utviklingstendenser som fører målformene

nærmere sammen”. I syttiåra og seinare har det vore gjort meir avgrensa

endringar i nynorsknormalen av Språkrådet, der den valfrie avreguleringa av samsvarbøyinga

av perfektum partisipp tidleg på åttitalet (1981) var mest omstridd. Endringane

har med få unntak gått ut på å auka valfridomen, både i retning av å ta inn utbreidde

talemålsformer, mange av dei felles med bokmål (i syttiåra) og i retning av å ta inn att

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!