25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

166

marknadspotensialet her på bryggja, og i det minste opna ein liten kiosk. –

Dette er Nordmøre, ikkje Sunnmøre, svarar ein tilskodar turt.

Men kanskje ynskjer alle nordmøringar eigenleg å vera sunnmøringar.

Kanskje var det sunnmøring han prøvde å vera, Halsa-gardbrukaren som på

fjernsynet tilbaud bukti nedanfor garden sin som asyl for Keiko, venteleg

med inngangspengar for gjestene. No kjem han nedom bryggja og kikar

skeptisk på kvalen.

Versjon 5: Nynorsk med "nyare" former etter den gjeldande rettskrivinga

Han Keiko er nå ikkje anna, han stakkar. Han er bare ein kval. Men etter 20

år blant menneske har Keiko sjølv glømt det. Og hysterisk sentimentale som

vi er, nektar vi menneske å innrømme det.

Celebritet har ei magisk tiltrekkingskraft, det må sjølv Dag og Tid

erkjenne. Vi kjører den svingete vegen langs Skålvikfjorden i Halsa på

Nordmøre, på leiting etter spekkhoggaren Keiko. Stjernekvalen er ikkje

vanskelig å finne. På ei lita flytebrygge eit stykke ut langs vestsida av

fjorden har kring 30 kvalpilegrimar stimla saman, og attraksjonen sjølv

stiller trufast opp. Keiko er lett attkjennelig – den dvaskt hengande

ryggfinnen og radiosendaren på ryggen fortel oss at dette er kvalen over alle

kvalar og dei fleste menneske.

Besøket vårt finn stad fredag 6. september. Det skal syne seg å bli den

siste dagen med lovlig nærkontakt, dagen før forbodet mot å komme

nærmare Keiko enn 50 meter trer i kraft. Men denne fredagen er det ikkje

eingong fem centimeter mellom kvalen og dei mest nyfikne. Barna vil

klappe Keiko, basta. Og Keiko vil meir enn gjerne klappas.

Ein av dei tilreisande lurer på korfor ingen har sett

marknadspotensialet her på brygga, og i det minste opna ein liten kiosk. –

Dette er Nordmøre, ikkje Sunnmøre, svarar ein tilskodar tørt.

Men kanskje ønskjer alle nordmøringar eigentleg å vere sunnmøringar.

Kanskje var det sunnmøring han prøvde å vere, Halsa-gardbrukaren

som på fjernsynet tilbydde bukta nedafor garden sin som asyl for Keiko,

ventelig med inngangspengar for gjestane. Nå kjem han nedom brygga og

kikkar skeptisk på kvalen.

Her stiller me opp ei jamføring av formvalet som finst i rettskrivinga i dag og i det nye

framlegget i denne utgreiinga. I tillegg tek me òg med korleis formvalet vil sjå ut etter

mindretalsframlegget.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!