25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

165

Celebritet har ei magisk tiltrekkingskraft, det må sjølv Dag og Tid

erkjenne. Vi kjører den svingete vegen langs Skålvikfjorden i Halsa på

Nordmøre, på leiting etter spekkhoggaren Keiko. Stjernekvalen er ikkje

vanskeleg å finne. På ei lita flytebrygge eit stykke ut langs vestsida av

fjorden har kring 30 kvalpilegrimar stimla saman, og attraksjonen sjølv

stiller trufast opp. Keiko er lett attkjenneleg – den dvaskt hengande

ryggfinnen og radiosendaren på ryggen fortel oss at dette er kvalen over alle

kvalar og dei fleste menneske.

Besøket vårt finn stad fredag 6. september. Det skal syne seg å bli den

siste dagen med lovleg nærkontakt, dagen før forbodet mot å komme

nærmare Keiko enn 50 meter trer i kraft. Men denne fredagen er det ikkje

eingong fem centimeter mellom kvalen og dei mest nyfikne. Barna vil

klappe Keiko, basta. Og Keiko vil meir enn gjerne klappast.

Ein av dei tilreisande lurer på korfor ingen har sett

marknadspotensialet her på brygga, og i det minste opna ein liten kiosk. –

Dette er Nordmøre, ikkje Sunnmøre, svarar ein tilskodar tørt.

Men kanskje ønskjer alle nordmøringar eigentleg å vere sunnmøringar.

Kanskje var det sunnmøring han prøvde å vere, Halsa-gardbrukaren

som på fjernsynet tilbaud bukta nedafor garden sin som asyl for Keiko,

venteleg med inngangspengar for gjestane. No kjem han nedom brygga og

kikkar skeptisk på kvalen.

Versjon 4: Nynorsk i ei "tradisjonell" lei etter den gjeldande rettskrivinga

Han Keiko er no ikkje anna, han stakkar. Han er berre ein kval. Men etter

20 år blant menneske har Keiko sjølv gløymt det. Og hysterisk sentimentale

som me er, nektar me menneske å innrømma det.

Celebritet har ei magisk tiltrekkingskraft, det må sjølv Dag og Tid

erkjenna. Me køyrer den svingute vegen langs Skålvikfjorden i Halsa på

Nordmøre, på leiting etter spekkhoggaren Keiko. Stjernekvalen er ikkje

vanskeleg å finna. På ei liti flytebryggje eit stykke ut langs vestsida av

fjorden har kring 30 kvalpilegrimar stimla saman, og attraksjonen sjølv

stiller trufast opp. Keiko er lett attkjenneleg – den dvaskt hangande

ryggfinnen og radiosendaren på ryggen fortel oss at dette er kvalen over alle

kvalar og dei fleste menneske.

Besøket vårt finn stad fredag 6. september. Det skal syna seg å verta

den siste dagen med lovleg nærkontakt, dagen før forbodet mot å koma

nærare Keiko enn 50 meter treder i kraft. Men denne fredagen er det ikkje

eingong fem centimeter mellom kvalen og dei mest nyfikne. Borni vil

klappa Keiko, basta. Og Keiko vil meir enn gjerne klappast.

Ein av dei tilreisande lurar på kvifor ingen har sett

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!