25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

164

tilsvarande med utgangspunkt i rettskrivinga (medrekna læreboknormalen) i dag. I desse

tekstdøma "tøyer" me formvalet i begge retningane for å gjera illustrasjonen av

variasjonsbreidda tydelegare. I praksis står språkbrukarane sjølvsagt fritt til å kopla

former frå både "tradisjonell" og "moderne/regional" stil, og slik vert rettskrivinga ofte

bruka. Sjølve nemningane 'tradisjonell', 'moderne' og 'regional' er svært diskutable, men

me brukar dei både her og lenger fram av di me ikkje har funne betre korte nemningar.

I denne teksten har desse orda valfrie former etter framlegget til ny norm:

Versjon 2: Nynorsk i ei "tradisjonell" lei etter framlegget til ny norm

Han Keiko er no ikkje anna, han stakkar. Han er berre ein kval. Men etter

20 år blant menneske har Keiko sjølv gløymt det. Og hysterisk sentimentale

som me er, nektar me menneske å innrømma det.

Celebritet har ei magisk tiltrekkingskraft, det må sjølv Dag og Tid

erkjenna. Me køyrer den svingete vegen langs Skålvikfjorden i Halsa på

Nordmøre, på leiting etter spekkhoggaren Keiko. Stjernekvalen er ikkje

vanskeleg å finna. På ei liti flytebryggje eit stykke ut langs vestsida av

fjorden har kring 30 kvalpilegrimar stimla saman, og attraksjonen sjølv

stiller trufast opp. Keiko er lett attkjenneleg – den dvaskt hangande

ryggfinnen og radiosendaren på ryggen fortel oss at dette er kvalen over alle

kvalar og dei fleste menneske.

Besøket vårt finn stad fredag 6. september. Det skal syna seg å verta

den siste dagen med lovleg nærkontakt, dagen før forbodet mot å koma

nærare Keiko enn 50 meter trer i kraft. Men denne fredagen er det ikkje

eingong fem centimeter mellom kvalen og dei mest nyfikne. Borni vil

klappa Keiko, basta. Og Keiko vil meir enn gjerne klappast.

Ein av dei tilreisande lurar på kvifor ingen har sett

marknadspotensialet her på bryggja, og i det minste opna ein liten kiosk. –

Dette er Nordmøre, ikkje Sunnmøre, svarar ein tilskodar tørt.

Men kanskje ynskjer alle nordmøringar eigenleg å vera sunnmøringar.

Kanskje var det sunnmøring han prøvde å vera, Halsa-gardbrukaren som på

fjernsynet tilbaud bukti nedanfor garden sin som asyl for Keiko, venteleg

med inngangspengar for gjestene. No kjem han nedom bryggja og kikar

skeptisk på kvalen.

Versjon 3: Nynorsk med "nyare" former etter framlegget til ny norm

Han Keiko er nå ikkje anna, han stakkar. Han er bare ein kval. Men etter 20

år blant menneske har Keiko sjølv glømt det. Og hysterisk sentimentale som

vi er, nektar vi menneske å innrømme det.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!