25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

163

4.2 Syn for segn i teksten

Under dette punktet vil me visa korleis ein fritt vald og autentisk nynorsktekst av i dag

blir etter det formvalet utgreiinga gjer framlegg om. Poenget er altså å visa kva

normendringane gjer med det vanlegaste synsbiletet me har av nynorsk, nemleg tekstar.

Me har teke utgangspunkt i dei første avsnitta av artikkelen ”Berre ein kval” av

Per Anders Todal i vekeavisa Dag og Tid 14.9.02. Teksten er først sitert nøyaktig slik

han stod. Ingen av formene som er brukte i denne DT-teksten, blir endra med dette

framlegget til revisjon av nynorsknorma. (Kursiveringane har me sett inn med tanke på

jamføringa nedanfor.)

Versjon 1: Dag og Tid-versjonen

Han Keiko er no ikkje anna, han stakkar. Han er berre ein kval. Men etter

20 år blant menneske har Keiko sjølv gløymt det. Og hysterisk sentimentale

som vi er, nektar vi menneske å innrømme det.

Celebritet har ei magisk tiltrekkingskraft, det må sjølv Dag og Tid

erkjenne. Vi køyrer den svingete vegen langs Skålvikfjorden i Halsa på

Nordmøre, på leiting etter spekkhoggaren Keiko. Stjernekvalen er ikkje

vanskeleg å finne. På ei lita flytebrygge eit stykke ut langs vestsida av

fjorden har kring 30 kvalpilgrimar stimla saman, og attraksjonen sjølv stiller

trufast opp. Keiko er lett attkjenneleg – den dvaskt hengande ryggfinnen og

radiosendaren på ryggen fortel oss at dette er kvalen over alle kvalar og dei

fleste menneske.

Besøket vårt finn stad fredag 6. september. Det skal syne seg å bli den

siste dagen med lovleg nærkontakt, dagen før forbodet mot å kome nærare

Keiko enn 50 meter trer i kraft. Men denne fredagen er det ikkje eingong

fem centimeter mellom kvalen og dei mest nyfikne. Barna vil klappe Keiko,

basta. Og Keiko vil meir enn gjerne klappast.

Ein av dei tilreisande lurer på kvifor ingen har sett

marknadspotensialet her på brygga, og i det minste opna ein liten kiosk. –

Dette er Nordmøre, ikkje Sunnmøre, svarer ein tilskodar tørt.

Men kanskje ønskjer alle nordmøringar eigentleg å vere

sunnmøringar. Kanskje var det sunnmøring han prøvde å vere, Halsagardbrukaren

som på fjernsynet tilbaud bukta nedanfor garden sin som asyl

for Keiko, venteleg med inngangspengar for gjestene. No kjem han nedom

brygga og kikar skeptisk på kvalen.

I versjon 2 nedanfor er teksten skriven over i "tradisjonell" lei innanfor det

framlegga til valfridom tillèt, og i versjon 3 er han lagd over i "moderne" eller

"regional" retning, som valfridomen opnar for. Versjonane 4, 5 og 6 viser det

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!