25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

16

1917–1938

I 1917 kom så den første store rettskrivingsendringa som omfatta begge målformene.

Systemet der var slik at eit sett obligatoriske endringar til saman utgjorde grunnstamma

i den nye rettskrivinga; dessutan vart det innført ei lang rekkje valfrie endringar som la

normalen langt meir opp mot austlandsdialektane og dermed ofte òg mot bokmålet.

Både a-målet, e-infinitiven, -er i presens av sterke verb, -as i -st-verba, j-lause former,

monoftongformer i ein del ord, pluss ganske mange austlandske/bokmålsnære former i

enkeltord kom inn på denne måten. Også her var meininga at denne radikale normalen

skulle fungera som ein heilskap, slik at elevane, eller rettare skulekrinsane, hadde valet

mellom ein tradisjonell ("obligatorisk") normal, og ein radikal – men ikkje valfridom

innanfor dei to normalane. Likevel er det tvilsamt om det vart praktisert slik. I

ordlistene er ikkje dei to normalane førte opp kvar for seg, men integrerte i éi liste, der

klammene alt var i bruk for dei "valfrie" formene.

Dei tradisjonelle formene dominerte endå ei stund i nynorskbruken, men dei radikale,

særleg a-formene, kom inn i normalen og styrkte seg gradvis, både i skulekrinsar,

særleg på Sunnmøre først, og i litteraturen med forfattarar som Duun og andre. I trettiåra

var mangfaldet, med stor variasjon i formvalet, ganske klårt i litteraturen, truleg

mindre i meir regulerte teksttypar. Trettiåra var òg tiåret for den første store internnynorske

målstriden, som krinsa rundt førebuingane til 1938-rettskrivinga, og resultata

ho førte med seg. Det ser ut til at den tradisjonelle varianten basert på i-mål fungerte

som ”umarkert” eller prototypisk nynorsk, medan ulike ”motnormer” baserte på a-

former og elles tilpassa ulike dialektgrunnlag ikkje var så lite utbreidde.

1938–1959

I 1938 vart a-målet gjort til hovudform og i-målet til sideform, og samstundes

ekspanderte nynorsken for siste gong kraftig i skulekrinsane. Det var med denne

reforma at systemet med ein læreboknormal (med intern valfridom på enkeltpunkt) og

ei rekkje klammeformer som skulle vera valfrie kvar for seg, vart innført. Etter krigen

hadde 1938-rettskrivinga langt på veg sigra, i den forstand at ho vart gjennomført av dei

fleste sentrale nynorske tekstprodusentane. Den tradisjonalistiske i-målsfløya var stadig

sterk på Vestlandet, men utgjorde no ein opposisjon som heldt ein hard strid gåande i

mange år, men utan å greia å ekspandera og trengja a-målet tilbake. Femtiåra var altså ei

tid med eit sterkt polarisert nynorsk språksamfunn, samstundes som det no var stor

valfridom også per ord og per formkategori, så særleg a-målet var kløyvd i meir eller

mindre individuelle variantar.

Ser me meir konkret på sentrale formkategoriar, kan me merka oss at kløyvd

infinitiv var jamstilt med a-infinitiv, medan infinitiv på -e var sideform. Tanken bak var

at den kløyvde infinitiven skulle kunna fungera som ”kompromiss” mellom dei andre,

jf. at han vart gjord til klammeform også i bokmål i 1938. Kløyvd infinitiv vart også

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!