25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

15

1.3 Den historiske utviklinga av nynorsken i norm og praksis

(1901–2002)

Nynorsk har hatt fem offisielle rettskrivingsnormalar, vedtekne i 1901, 1910, 1917,

1938 og 1959. I 1996 tok Språkrådet opp arbeidet med ei ny reform, som førte fram til

eit vedtak om ein ny normal i 2000 (jf. vedlegg 7). Dette vedtaket vart ikkje sett i verk; i

staden fekk Språkrådet saka tilbake frå Kulturdepartementet med spørsmål om ei

omvurdering av visse sider ved vedtaket (sjå pkt. 1.1). (Heretter blir difor

årsmøtevedtaket frå 2000 omtala som 'framlegg'.) Her gjev me eit stutt historisk oversyn

over utviklinga frå første rettskrivingsvedtaket i 1901 til og med dette brevet frå

departementet og over proposisjonen om å ta ut tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk

språkråd i 2002.

1901–1917

Den første offisielle nynorsknormalen vart sett i verk av Kyrkje- og undervisningsdepartementet

i 1901. Fram til då hadde det funnest fleire uoffisielle normalar, med

Aasen-normalen som den mest autoritative, men han vart ikkje allment følgd i alle

detaljar. Det var då landsmålet gjorde sin innmarsj i skulen, at ei offisiell normering vart

nødvendig, med tanke på lærebøker og sjølve opplæringa av elevane. Dei første

nynorske skulekrinsane kom frå 1890 av, og det var i gang arbeid for å gjera nynorsk til

eit obligatorisk fag på lærarskulen (gjennomført i 1902).

For å førebu denne situasjonen sette departementet i 1898 ned ei tremannsnemnd

til å forma ut ein normal. Nemnda kløyvde seg: Fleirtalet (R. Flo og A. Garborg) la fram

den såkalla midlandsnormalen, som bygde på talemålet i Vest-Telemark, folkevisepråket.

Mindretalet (M. Hægstad) baserte seg på Aasens normal, men godtok nokre

forenklingar i formverket (m.a. fjerning av stum nøytrums-t i sterkt perfektum partisipp

og adjektiv på -en, og forenkling av fortidsbøyinga av a-verb, der både preteritum og

perfektum partisipp fekk -a). Dette vart kalla Hægstad-normalen, og nemnda samla seg

om å tilrå den som offisiell normal med midlandsnormalen som tillaten sideform, dvs.

tillaten for elevar med tanke på dei delane av landet der denne normalen låg nærast

talemålet. Dette vart gjennomført av departementet. Med dette var systemet med ein

hovudnormal og ein tillaten normal med lågare grad alt gjennomført – men vel å merka

ingen valfridom per ord og formkategori – berre mellom to komplette normalar.

Det er ikkje undersøkt kor mykje midlandsnormalen kom i bruk i skulen (i

litteraturen fekk han ein viss posisjon), men Hægstad-normalen vart i alle fall den mest

utbreidde. Likevel var den faktiske nynorskbruken stadig lite einsarta, og mange ynskte

stadig ei liberalisering. I 1910 vart nokre kategoriar gjorde valfrie, bl.a. bruken av -r- i

bestemt form fleirtal hankjønn og hokjønn (hestarne > hestane, gjentorne > gjentone).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!