25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

140

verb som får valfritt -de eller -te: bestemme bestemde el. bestemte og lime limde el.

limte el. lima. Desse to verba hadde før -te i preteritum (lime også -a).”

Då fagnemnda 18.3.98 vurderte m.a. desse to verba, gjekk to av medlemmene inn for

preteritum på -te [-de], éin ville ha -de [-te]. Eit framlegg på rådsmøtet i 2000 om å ta ut

preteritumsformene [bestemde] og [limde] frå rettskrivinga fekk 12 røyster (av 18).

Talemålsgrunnlag

Her har me inga undersøking å visa til.

Skriftmålsgrunnlag

Nynorsk frekvensordbok har 30 døme på forma bestemte, ingen på bestemde, 1 på limte,

ingen på limde.

Vurdering/konklusjon

Det kan synast inkonsekvent at desse to verba ikkje skal ha den valfridomen i

preteritum som andre verb av denne typen får. Men i skrift har preteritum på -te vore

heller einerådande for desse to.

3.2.4.g Preteritumsformene [fikk] og [gikk]

Status i dag

Verba få og gå har i dag denne bøyinga:

få – får [fær] – fekk [fikk] – fått [fenge] og gå – går – gjekk [gikk] – gått.

Framlegg

Sideformene i preteritum for få og gå, [fikk] og [gikk], går ut or rettskrivinga, slik at fekk

og gjekk blir eineformer. (2000-framlegget)

(Jamfør elles pkt. 2.2.4.c, der gange har fått særskild oppføring, og 3.2.4.d, der [fær] og

[fenge] er behandla.

Normhistorikk

[Gikk] kom inn som klammeform i 1917, [fikk] først i 1959.

Talemålsgrunnlag

Her har me inga undersøking å visa til.

Skriftmålsgrunnlag

I forfattarskapane Lars S. Vikør undersøkte frå 1930-åra, brukte to av ti forma gikk,

medan ingen skreiv fikk. I 1950-åra var Halldor Holsvik (frå Syvde på Sunnmøre) åleine

om å skriva fikk og gikk, medan ingen av dei undersøkte forfattarane frå 1970-åra brukte

desse formene.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!