25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

14

er det markerte eller spesielle språket. Dei som er positive til nynorsk, er ikkje like

villige til å tilpassa seg det nøytrale og dominerande – sjølvsagt. Målforma dei har valt,

er uttrykk for motstand mot ei viss tilpassing. Det kan tolkast slik at nynorsk- og

bokmålsbrukarar har ulike formål med skriftspråket sitt. Ei gransking av kor einige

informantane er i utsegna "Vi bør møta den same måten å skriva/bøya ord på i alt vi

les", får eit resultat som følgjer heilt det same mønsteret som me såg i tabellen ovanfor.

Oppslutninga om ein einskapleg standard følgjer tydeleg språksympatiane;

nynorsktilhengjarar er mykje opnare for variasjon i skriftbiletet.

Celia Berg har studert haldningar hjå elevar til skriftmålet, og ho summerer opp

slik:

BM-informantane og NN-informantane ser ut til å ha ulike språksyn til

grunn for bruken av skriftspråka sine. For BM-informantane kan det verka

som språket utelukkande er eit kommunikasjonsmiddel. Dei fleste av desse

informantane meiner dei ikkje kan karakterisera skriftspråket sitt som

"personleg", ettersom det er skulelært og elles samsvarer mykje med

bokmålsnormalen som dominerer i media og elles i språksamfunnet. [...] For

[NN-informantane] ser skriftspråket ut til å vera meir individuelt prega og

viktig, anten dei skriv talemålsnært, konservativt eller moderne/radikalt. Det

kan sjå ut som skriftspråket deira har utvikla seg på grunnlag av eigne val

og ønske for korleis det skal sjå ut. (Berg 1999:73f.)

Tale og skrifthandlingar er identitetshandlingar (“acts of identity”), som det heiter

i sosiolingvistikken. Gjennom identitetshandlingane kan ein ynskja å framheva regional

lojalitet, men òg andre verdiar, f.eks. noko moderne og urbant, noko internasjonalt eller

eventuelt noko tradisjonelt. Skribentane prøver gjennom skriftforma både å gje eit bilete

av seg sjølve og å appellera til eller vekkja interesse hjå lesarar med bestemte

identitetar.

Formålet med denne drøftinga av ymse normteoretiske omgrep er at ein skal

kunna setja normeringsarbeidet åt Språkrådet inn i ein sosial samanheng der ein ser

korleis skriftspråket er meir enn eit kommunikasjonsmiddel. Det gjeld for kvar enkelt

språkbrukar, og det gjeld kollektivet. Nedanfor i punkt 1.4 skal me framstilla situasjonen

for ymse grupper av språkbrukarar. Desse situasjonane kan me tolka inn i den

rolla dei spelar i normkollektivet.

Språkrådet rår ikkje åleine over dei kollektive språknormene, men det Språkrådet

fastset som rammer for nynorsk rettskriving, kan både påverka og motverka andre

normeringsagentar i samfunnet. For nynorsken er nok det tydelegare enn for bokmålet.

Det gjer det òg rettkome å ha eit overordna kulturpolitisk perspektiv på retninga i den

normdanningsprosessen ein påverkar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!