25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

139

leggje – legg – la/lagde – lagt og seie – seier – sa/sagde – sagt

Framlegg

For verba leggja og seia går preteritumsformene lagde og sagde ut or rettskrivinga.

(2000-framlegget)

Normhistorikk

Oppføringa for seie var i Den nye rettskrivning II Landsmål frå 1918 segja [seia] –

sa(gde) – sagt. Verbet leggje var ikkje teke med der, men i Landsmaalsordlista til

Matias Skard frå 1903 finn ein leggja – legg – lagde/la – lagd. Preteritumsformene

la/lagde og sa/sagde har sidan vore jamstilte.

Talemålsgrunnlag

Her har me inga undersøking å visa til.

Skriftmålsgrunnlag

Nynorsk frekvensordbok har 1589 belegg på forma sa, ingen på sagde, 289 på la, ingen

på lagde.

Vurdering/konklusjon

Som nemnt gjekk 2000-framlegget inn for å ta ut forma sagde. At lagde ikkje vart teken

med i same vedtaket, er ein opplagd mangel og blir retta opp no. Preteritum på lagde og

sagde er så å seia heilt ute av bruk.

3.2.4.f Preteritumsformene bestemde og limde

Status i dag

Verba bestemme og lime har i dag denne bøyinga:

bestemme – bestemmer – bestemde/bestemte – bestemt og lime – limer – limde/limte –

limt.

(Lime har òg a-bøying, men det held me utanfor her.)

Framlegg

For verba bestemma og lima går preteritumsformene på -de ut or rettskrivinga.

(2000-framlegget)

Normhistorikk

Eitt av dei mange fagnemndmøta som drøfta fordelinga av -d- og -t- i preteritum,

supinum og perfektum partisipp, vart halde 3.6.86. Sakspapiret rådde då til å la

bestemme og lime følgja hovudregelen for verb på -m-: -de som hovudform og [-te] som

klammeform i preteritum. På rådsmøtet i 1987 gjorde Språkrådet dette vedtaket: ”Verb

med stomnutgang på m skal framleis ha -de [-te] som hovudregel […]. Unntak blir to

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!