25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

138

poesi”. Presensforma fær kom først inn att i rettskrivinga, og då som klammeform, etter

eit vedtak i Språkrådet i 1983.

[slær]

Formene [slår] og [slått] kom inn i rettskrivinga i 1917, men då som klammeformer til

slær og slege. Tilleggstilråding om ny rettskrivning 1936 (s. 10) rådde til at slær vart

klammeform i nynorsk, men Ny rettskriving 1938 jamstilte slær med slår. Med Ny

læreboknormal 1959 fekk [slær] klammeformstatus, og det har forma hatt sidan den tid.

[slæst]

Norsk ordbok frå 1920 har denne bøyinga: slåst – slæst [slåst] – slost – slegest. Etter

1938 var presensformene slæst/slåst jamstilte, medan 1959-normalen gjorde [slæst] til

klammeform.

Talemålsgrunnlag

Me har inga talemålsundersøking å visa til her.

Skriftmålsgrunnlag

Vikør har i undersøkinga si funne at av forfattarane frå 1930-åra er det berre Vesaas

som bruker formene fær – fenge. Han skriv dessutan slær, som også Gjengedal, Sveen

og til dels Hilleren gjer. Så minkar det på bruken av desse formene; berre Høydal av

1950-årsforfattarane skriv fenge, og bruker det nokså inkonsekvent. Og ingen av

forfattarane frå 1970-åra bruker desse verbformene lenger.

Nynorsk frekvensordbok, som byggjer på dei vanlegaste orda i skriftleg nynorsk henta

frå aviser, sakprosa og romanar i tida 1978–84, har 14 belegg på fær (1424 på får),

medan fenge ikkje er undersøkt. Forma slær er funnen 8 gonger og *sler 5 (slår har 108

belegg). Frekvensordboka har 3 døme på [slæst] (18 på slåst).

Vurdering

Formene [fær] – [fenge], [slær] og [slæst] har vore tilgjengelege som klammeformer

utan at dei har vorte mykje brukte. Berre sporadisk ser me dei i skrift.

Konklusjon

Me rår til at desse formene går ut or rettskrivingsnorma på grunn av liten bruk i skrift.

3.2.4.e Preteritumsformene lagde og sagde

Status i dag

Verba seie og leggje har i dag denne bøyinga:

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!