25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

137

Talemålsgrunnlag

Refleksivforma -st er først og fremst eit vestlandsk og til dels eit midlandsk drag. Forma

er òg litt brukt i trøndersk. Nordafjells og på resten av Austlandet dominerer -s.

Skriftmålsgrunnlag

Åse Wetås skriv om det publiserte materialet ho har granska, at det òg for bruken av

passiv og refleksivformer er ein tydeleg tendens til einsretting i formvalet: Det er

hovudformene som blir valde. I det upubliserte materialet fann ho derimot at tendensen

til val av -st i refleksiv og passiv ikkje var så eintydig. Her fanst det tvert om ein god del

innslag av passiv- og refleksivformer med [-s].

I 1930-åra brukte fem av dei forfattarane Vikør omtalar i undersøkinga si, passiv-

/refleksivformer på -ast, to brukte [-as], ein [-es] og ein kløyvd ([-as/-es]). Alle dei ni

1950-årsforfattarane brukte -ast-forma, og det same gjorde dei ti 1970-årsforfattarane.

Vurdering

I talemåla er former med -s svært mykje brukte, i skrift er desse formene sjeldan å sjå.

Konklusjon

Klammeforma på [-s] har altså vore tillaten i skrift sidan 1938 utan å slå gjennom. Me

rår til å ta denne forma ut or normalen.

3.2.4.d Enkeltformer i bøyinga: [fær – fenge], [slær], [slæst]

Status i dag

I dag har desse verba denne bøyinga:

få – får [fær] – fekk [fikk] – fått [fenge][fengi]

slå – slår [slær] – slo – slått/slege/slegi

slåst – slåst [slæst] – slost – slåst/slegest/slegist

Framlegg

For verba få, slå og slåst går sideformene [fær] – [fenge], [slær] og [slæst] ut or norma.

Me gjer merksam på at det ikkje vart drøfta på møtet 13.5.02 å ta [slæst] ut or norma, så

det har me eigentleg ikkje noko vedtak om. Men me tek det ut som ein konsekvens av at

[slær] blir fjerna.

Normhistorikk

[fær] [ fenge]

Etter 1917 kom dei svake presens- og perfektum partisipp-formene får og fått inn

jamsides med fær og fenge. Etter 1938-rettskrivinga var både fær og fenge borte frå

ordlistene, og om fengi står det i Skards Nynorsk ordbok frå 1945 at det kan brukast “i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!