25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

136

Dei forfattarskapane som Lars Vikør undersøkte frå 1930-åra, har stor overvekt av

perfektum partisipp på -e, ni av ti har brukt det, som då var hovudforma. Med -i-forma

som hovudform etter 1938 vart likevel supinum på -e føretrekt av åtte av dei ni 1950-

årsforfattarane, berre Aslaug Høydal valde -i-forma. Vikør kallar resultatet frapperande,

og peiker på at om Høydal følgjer talemålet sitt, så har det tydelegvis ikkje spela noka

rolle for forfattarar som Vigerust og Berkaak, som også ut frå dialektane sine kunne ha

grunnlag for å velja -i. Valfridomen mellom -e og -i etter 1959 har ikkje hatt så mykje å

seia, kan ein få inntrykk av, for dei ti forfattarane frå denne tida valde alle perfektum

partisipp på -e av sterke verb.

Når det gjeld delmateriala av barne- og ungdomstekst i det upubliserte

tekstmaterialet Åse Wetås har undersøkt, er det ein eintydig tendens til bruk av -e i

supinum av sterke verb.

Nynorsk frekvensordbok viser at -i-former har ein bruksprosent på berre 1,3.

Vurdering

Me har sett at supinum på -e står sterkt i skriftleg bruk, uavhengig av om forma har vore

hovud-, side- eller jamstilt form. Talemålsgrunnlaget for -i er derimot ikkje heilt lite.

Konklusjon

Vårt framlegg blir å ta bort perfektum partisipp av sterke verb på -i frå norma sidan

forma nesten ikkje er brukt i skrift.

3.2.4.c Refleksivformer på -s

Status i dag

Verb som endar på -st, har denne bøyinga:

minnast [minnas] – minnest [minnes] – mintest [mintes] – minst [mins]

Framlegg

Refleksive verb som etter noverande rettskriving har klammeformer på [-s], får endinga

-st som eineform. Klammeforma [-s] går ut or rettskrivinga.

Normhistorikk

I reglane som den departementale rettskrivingskomiteen laga om landsmål i 1918, står

det: ”[Refleksivformi kann enda på s ved sida av st: finnast, finst – finnas, fins; slåst –

slåss.]” (s. 14) I 1938-rettskrivinga heiter det: “Refleksiv infinitiv endar på -ast [-as].”

Etter den tid har refleksivformer på [-s] vore klammeformer.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!