25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

135

Talemålsgrunnlag

Perfektum partisipp på -i finn ein i

talemåla i eit søraustleg område

(Grenland – Indre Østfold til Trysil),

Setesdal og Vest-Telemark, mykje av

Trøndelag (ikkje i søraust) og sør på

Helgeland. I eit område i Nord-

Trøndelag har ein både -i og -e etter

eit system som heng saman med

konsonantismen i rota. Eit midlandsk

område har vokalharmonisk skifte

med i etter i i rota og e etter andre

vokalar: biti, drivi, men brøte, fare.

Resten av landet (Vestlandet, Nord-

Noreg og andre stader) har

utlydsvokalen -e.

Skriftleg bruk

Av Framlegg til læreboknormal 1957

(s. 109–110) går det fram at perfektum

partisipp på -e er det som har vore

mest brukt i nynorsk presse og

litteratur etter 1938:

Vestnorske og nordnorske

forfattarar nyttar jamt over den forma,

det same gjer

Vestlands-blada. Alt i alt er det

likevel ikkje så få bøker som har

gjennomført

supinum på -i. Såleis er -i-ending gjennomførd i dei aller fleste bøkene som Det

norske Samlaget har gjevi ut etter 1938. Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas,

Inge Krokann og Halvdan Koht nyttar no denne forma. I Norsk allkunnebok

skifter -i og -e med artikkel-forfattarane, like eins i ”Syn og Segn”. I lærebøker og

i det aller meste av lesebok-stoffet på nynorsk er det etter 1938 gjennomført

supinum på -i. I bm.-litteratur er i-supinum brukt berre i dialektreplikkar og anna

sterkt målføremerkt framstelling.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!