Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

132 Framlegg Fleirtalsforma av det peikande pronomenet sjølv skal vere sjølve. Fleirtalsforma sjølv går ut.. (2000-framlegget) Normhistorikk Denne forma blir først nemnd under "Pronomen" i Ny læreboknormal 1959, der det står at sjølv kan vera ubøygd i fleirtal. På rådsmøtet i 2000 gjekk nynorskseksjonen inn for å ta den jamstilte fleirtalsforma ut or norma. Talemålsgrunnlag Resultatet frå talemålsundersøkinga TALE99 er at fleirtalsforma sjølv er brukt av 56,5 % av informantane, medan 39,5 % rapporterer at dei seier sjølve. 7 % fører opp at dei bruker sjæl, sjel. I Sogn og Fjordane dominerer forma sjølve klårt, i Oppland og Hedmark litt mindre klårt. I alle dei andre områda dominerer sjølv, også frå Sør- Trøndelag og nordetter. Men sidan Trøndelag og Nord-Noreg har apokope, kan forma sjølv der like gjerne stå for sjølve. Det er informantar frå Oslo, Østfold, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland som seier dei bruker sjæl og sjel. Skriftmålsgrunnlag Me har ikkje noka undersøking som viser bruken av sjølv i fleirtal, og frekvensordboka er ikkje til hjelp i eit slikt tilfelle. Men inntrykket er at begge fleirtalsformene er i bruk. Vurdering Ut frå talemålsundersøkinga er det nok grunnlag for å halda på fleirtalsforma sjølv, og som nemnt kan me ikkje påvisa kor utbreidd ho er i skrift. Når ein premiss for arbeidet er å snevra inn valfridomen noko, kan det her vera grunnlag for å prioritera ei form som er ”systemrett”. Det ser ikkje ut til at desse formene blir brukte som identitesmarkørar. Konklusjon Me vil her leggja vekt på argumentet om indre bygnad, og gjer difor framlegg om at sjølv går ut og sjølve blir obligatorisk i fleirtal. Jamfør elles Framlegg ovanfor.

133 3.2.4 Verb 3.2.4.a Presens på [-er] av sterke verb Status i dag Presens av sterke verb kan i dag ha klammeform på [-er]: bit [biter], kjem [kjemer]. Framlegg Klammeform av presens av sterke verb på [-er] går ut or rettskrivinga. (2000- framlegget) Normhistorikk Presens på [-er] av sterke verb kom inn som klammeform i 1917-rettskrivinga og har hatt den statusen sidan den tid. Nynorskseksjonen gjekk på møtet i 2000 inn for å ta formene med [-er] ut or rettskrivinga. Talemålsgrunnlag Tostavingsformer som biter og kjemer i presens av sterke verb er gjennomført på nesten heile Vestlandet og dessutan i Ytre Agder, Sør-Austlandet og mykje av Telemark. Kring Oslofjorden manglar vokalskiftet frå infinitiv til presens, og det gjeld meir og meir langs kysten til Hordaland. Skriftleg bruk Ingen av dei 29 forfattarane som er representerte med skjønnlitteratur i 1930-, 1950- og 1970-åra i Vikørs undersøking, brukte [-er] i presens av sterke verb. Av frekvensordboka går det fram at [-er]-former er brukte i berre 0,4 % av dei aktuelle tilfella. Vurdering Desse formene står svært sterkt i talemålet, men er borte frå skriftmålet. Konklusjon På grunn av at tostavingsformene av sterke verb ikkje er tekne i bruk i skrift, rår me til å ta presensforma på [-er] ut or norma. 3.2.4.b Supinum av sterke verb på -i Status i dag Perfektum partisipp av sterke verb på -i er jamstilte med partisippforma på -e (gråte/gråti).

132

Framlegg

Fleirtalsforma av det peikande pronomenet sjølv skal vere sjølve. Fleirtalsforma sjølv

går ut..

(2000-framlegget)

Normhistorikk

Denne forma blir først nemnd under "Pronomen" i Ny læreboknormal 1959, der det står

at sjølv kan vera ubøygd i fleirtal. På rådsmøtet i 2000 gjekk nynorskseksjonen inn for å

ta den jamstilte fleirtalsforma ut or norma.

Talemålsgrunnlag

Resultatet frå talemålsundersøkinga TALE99 er at fleirtalsforma sjølv er brukt av 56,5

% av informantane, medan 39,5 % rapporterer at dei seier sjølve. 7 % fører opp at dei

bruker sjæl, sjel. I Sogn og Fjordane dominerer forma sjølve klårt, i Oppland og

Hedmark litt mindre klårt. I alle dei andre områda dominerer sjølv, også frå Sør-

Trøndelag og nordetter. Men sidan Trøndelag og Nord-Noreg har apokope, kan forma

sjølv der like gjerne stå for sjølve. Det er informantar frå Oslo, Østfold, Aust-Agder,

Vest-Agder og Rogaland som seier dei bruker sjæl og sjel.

Skriftmålsgrunnlag

Me har ikkje noka undersøking som viser bruken av sjølv i fleirtal, og frekvensordboka

er ikkje til hjelp i eit slikt tilfelle. Men inntrykket er at begge fleirtalsformene er i bruk.

Vurdering

Ut frå talemålsundersøkinga er det nok

grunnlag for å halda på fleirtalsforma

sjølv, og som nemnt kan me ikkje

påvisa kor utbreidd ho er i skrift. Når

ein premiss for arbeidet er å snevra inn

valfridomen noko, kan det her vera

grunnlag for å prioritera ei form som er

”systemrett”. Det ser ikkje ut til at desse

formene blir brukte som

identitesmarkørar.

Konklusjon

Me vil her leggja vekt på argumentet

om indre bygnad, og gjer difor framlegg

om at sjølv går ut og sjølve blir

obligatorisk i fleirtal. Jamfør elles

Framlegg ovanfor.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!