25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

130

Åse Wetås fekk 66 treff på annan i lokalaviser, medan søk på [annen] ikkje gav resultat.

Bondebladet hadde to døme på at klammeforma var brukt, ingen med hovudforma. Ut

frå det publiserte materialet elles konkluderte Wetås med at [annen] er lite brukt. Når

det gjeld dei upubliserte barne- og ungdomstekstane Wetås granska, meinte ho å sjå ein

klår tendens til bruk av hovudformene av pronomenet annan (og nokon). I

minneoppgåvene held skrivarane seg også stort sett til hovudformene av annan og anna.

To av dei undersøkte 1930-årsforfattarane (Vikør 1995), Sveen og Vesaas, skriv

annen, som ikkje var noka skriftmålsform på den tida. I forfattarskapane frå 1950-åra er

det Halldor Holsvik og Egil Sundland som bruker annen. Annen var komen inn i

rettskrivinga som jamstilt form i 1959, men framleis valde berre to av ti 1970-

årsforfattarar den forma.

Vurdering

Forma annen dominerer i talemålet. I skrift derimot ser det ikkje ut til at [annen] har

særleg nedslag.

Konklusjon

Me rår til å ta [annen] ut or norma pga. at forma er så lite brukt i skrift.

3.2.3.d Dei ubundne pronomena [onnor] og [nokor]

Status i dag

Hokjønnspronomena anna og noka har i dag klammeformene [onnor] og [nokor].

Framlegg

Klammeformene [onnor] og [nokor] går ut or rettskrivinga.

Normhistorikk

Den vanlege hokjønnsforma av pronomenet nokon var i gammalnorsk nokkur. I norske

dialektar er dels den gamle forma på -r bevart, dels har pronomenet fått nye former som

finst i adjektiv eller i andre pronomen, dels har hokjønnsforma falle saman med

hankjønnsforma.

For pronomenet annan var hokjønnsforma onnor. Hokjønnsformene anna og noka kom

inn i 1917-rettskrivinga og vart då jamstilte med onnor og nokor. Dette var uendra fram

til 1959, då vart onnor og nokor gjorde til klammeformer, og den statusen har dei hatt

sidan.

Talemålsgrunnlag

Frå Framlegg til læreboknormal 1957 (s. 94) hentar me ei ikkje nett oppdatert oversikt

over den geografiske utbreiinga av desse gamle hokjønnsformene på -r: Nord-

Gudbrandsdalen (nogor), Valdres (nokor), Nordhordland (i ein del bygder, nåker),

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!