25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

13

og spurde dei ut på ymse måtar. Når han spurde kvifor dei ikkje skreiv talemålsnært

bokmål, dvs. brukte former som heime, tru, gjømme, sjøl, sein osv., var eit typisk svar:

"Det hadde vært bra om vi fikk skrive sånn", men det er "ikke helt lurt på

norsktentamen".

Svara er vel ikkje så overraskande, for kven ynskjer å skriva slik at

bokstaveringa skal få læraren eller sensoren til å reagera negativt og f.eks. oppfatta

skribenten som uteoretisk Dermed kjem sjølve språkforma til å avspegla det som har

vorte kalla ein ‘ynskt identitet’. Skribentane prøver gjennom skriftforma å gje eit bilete

av seg sjølve. I sosiolingvistikken er ein i dag oppteken av at talehandlingar er

identitetshandlingar (“acts of identity”). Me kan godt utvida perspektivet og seia at

skrivehandlingar òg er identitetshandlingar.

Det viser seg at bokmåls- og nynorskbrukarar har nokså ulike overordna ideal om

korleis eit skriftspråk skal sjå ut. Det kan tyda på at desse brukarane har eit noko ulikt

forhold til skriftspråket, at dei tilfredsstiller ulike behov ved den skriftforma dei vel. For

eksempel er nynorsktilhengjarar ikkje så sterkt opptekne av argumenta om at

skriftspråket skal vera 'nøytralt' eller at "ein bør bruka dei orda og bøyingsformene som

er lettast å forstå i heile landet". Ut frå den siste problemstillinga fekk Bente Selback

dette resultatet i ei gransking frå 2001:

Kor einige informantane er i utsegna om at språket skal vera lett å forstå i heile landet

(i %)

Negativ til Nøytral til Positiv til Sum

nynorsk nynorsk nynorsk

Heilt einig 41,5 23,1 0,0 31,3

Litt einig 23,4 38,5 37,0 27,6

Usikker 20,2 7,7 25,9 20,1

Litt ueinig 11,7 7,7 22,2 13,4

Heilt ueinig 3,2 23,1 14,8 7,5

Sum 100,0 100,0 100,0 100,0

N= 94 13 27 134

(Selback 2001: 181.)

Overraskande i denne tabellen er dei høge tala for dei som er ueinige i påstanden, og

særleg når ein kjenner den generelle tendensen til at informantar ved slike spørsmål

helst gjev positive svar. Det kostar nemleg meir å visa at ein er ueinig i noko – og

særleg noko som er formulert så positivt som i denne påstanden. Me ser her at blant

nynorsktilhengjarane er heile 37 % direkte ueinige (dvs. litt + heilt ueinig), og ingen

heilt einig. Hjå dei som er negative til nynorsk, er dei heilt einige absolutt største

gruppa. Dei som er nøytrale til nynorsk, legg seg meir midt på skalaen.

Det er ikkje urimeleg å sjå dette resultatet i samanheng med ein språksituasjon der

bokmålet representerer det dominerande og mest sjølvsagde i landet, medan nynorsken

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!