25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

129

forma [deires] lite representert. For dei som bruker ho, er ho nok eit typisk

identitetsuttrykk.

Konklusjon

Forma deires er så lite brukt i skrift og i talemålet i nynorske kjerneområde at me rår til

å ta ho ut or norma.

3.2.3.c Det ubundne pronomenet [annen]

Status i dag

Hankjønnsforma av det ubundne pronomenet annan har [annen] som klammeform.

Framlegg

Det ubundne pronomenet [annen] går ut or norma. (2000-framlegget)

Normhistorikk

Først i Framlegg til læreboknormal 1957 vart forma annen teken inn i nynorsk.

Framlegget gjekk gjennom utbreiinga av dei ulike talemålsformene og vurderte slik:

Den sterke overvekt i dialektene for former som må normaliseres til annen,

gjør at vi vil foreslå denne formen sidestilt med annan i nyno.

Annan og annen vart jamstilte, men i 1985 behandla Språkrådet eit framlegg om å ta

annen ut or rettskrivinga. Det vart ikkje gjort, men [annen] fekk klammeformstatus. På

rådsmøtet i 2000 vart det vedteke å ta denne klammeforma ut or norma.

Talemålsgrunnlag

Informantane i TALE99 skulle ta stilling til kva talemålsvariant dei ville bruka av det

ubundne pronomenet annan i setninga ”Dei måtte til sist kjøpa ein annan”. Utfallet av

det vart: annen (61 %), anna (17,5 %), annan (15,5 %), ann (1,5 %), onnor (1 %).

Forma annan er mest utbreidd i Trøndelag (90 % av dei spurde i Nord-Trøndelag valde

den) og Møre og Romsdal. Annen, aan dominerer i det meste av Sør-Noreg; i Oslo,

Akershus, Østfold og Vestfold er det 100 % oppslutning om den forma. Men av dei

spurde var det vidare 67 % av dei som kom frå Hedmark, Oppland, Buskerud,

Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder som også ville bruka den forma,.

Skriftmålsgrunnlag

Nynorsk frekvensordbok fører opp 306 belegg på annan, medan [annen] er funne i 11

tilfelle.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!