25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

128

Normhistorikk

Med Ny rettskriving 1938 kom eigeforma [deires] inn i nynorsknorma som

klammeform til deira. Det har ho vore sidan den tid. I 1985 vart Språkrådet bede om

også å godkjenna deres som klammeform, men det vart avvist i fagnemnda.

Talemålsgrunnlag

I talemålsundersøkinga frå 1999 skulle informantane opplysa om kva slag eigeform dei

ville ha brukt i setninga ”Her er bilen deira”. Fordelinga på ulike talemålsformer vart

slik: deires/deres (47,5 %), deira (29,5 %), demses, demme(r)s (13 %), doms, dems

(10,5 %), deises (2 %), deirans og dies (1 % kvar).

Deira blir i rapporten omtala som vestlandsforma, brukt av 83 % av dei spurde frå

Sogn og Fjordane, av 72 % frå Møre og Romsdal og av 54–56 % frå Hordaland og

Rogaland. Deires er den mest frekvente forma i materialet, blir det sagt, men her må det

presiserast at deires og deres er slått saman, jamfør avsnittet ovanfor, og dei to formene

kunne med fordel vore sette opp mot kvarandre. Men deres/deires er, saman med

demses, demme(r)s, doms og dems, den dominerande austlands- og nordnoregsforma,

går det fram av undersøkinga. Saman med nokre tilfelle av deira, dies og deises

dominerer forma deires/deres også på Sørlandet.

Skriftmålsgrunnlag

I dei ti skjønnlitterære verka frå 1930-åra som Vikør undersøkte, fann han sju forfattarar

som skreiv hovudforma deira, medan ”tre ikkje-vestlendingar […] skil seg ut: Berg

(deres), Mælandsmo (deires) og Sveen (dørøs)”. Dei ni forfattarane frå 1950-åra valde

alle forma deira. Av dei ti 1970-årsforfattarane valde Forfang skrivemåten deires.

I Wetås’ undersøking av publisert tekstmateriale er det eintydig at hovudforma

deira dominerer. Forma [deires] var ikkje å finna korkje i nynorskaviser, lokalaviser,

Bondebladet, Bergens Tidende eller i NOU-materialet. Søk i lokalaviser på *deiras,

som fanst i det upubliserte materialet, var også resultatlaust, samstundes som det var 77

tilslag på hovudforma. Heller ikkje i det upubliserte materialet var [deires] å finna. Der

var elles fordelinga slik: I elevtekstar frå 10. klasse: deira (5), *deiras (3) og *dems (1).

I e-postbrev til Norsk Barneblad: *deiras (som Wetås nemner som døme på

talemålsinterferens) (1). I tekstar frå ein eventyrkonkurranse for barn mellom 10 og 13

år er deira funne brukt to stader, slik òg på nettstaden Skrivebua, eit tilbod for barn og

unge mellom 10 og 20 år. I minneoppgåvematerialet har fem skribentar brukt deira,

heller ikkje her er klammeforma brukt.

Nynorsk frekvensordbok har 235 belegg på deira, ingen på [deires].

Vurdering

Ut frå talemålsmaterialet er deires (eig. deres/deires, jf. "Talemålsgrunnlag" ovanfor)

den mest frekvente forma. Men ser ein på den geografiske fordelinga, er deires

(deres/deires) mest utbreidd i område der nynorsk ikkje står sterkt. I skriftleg bruk er

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!