25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

127

Buskerud hennar 25 % hennes 75 %

Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane var heilt dominert av henna(r)/hinna, medan

Nord-Noreg og Akershus, Oslo, Østfold, Vestfold og Hedmark har berre forma

hennes/hinnas. 56 % av dei spurde frå Telemark, 72 % frå Vest-Agder og 36 % frå

Aust-Agder nytta òg desse formene.

Skriftleg bruk

Wetås skriv at hovudforma hennar er heilt dominerande i det publiserte materialet som

er undersøkt. Og det er eintydig at hovudforma er vald også i det upubliserte materialet.

Stader der Wetås har funne hennes, også hennas, er i elevtekstar. I brev frå barn og

ungdom til Norsk Barneblad har ho funne to innslag av hennes og i e-postar til bladet

eitt av hennar. Wetås nemner at det er interessant at hennes, som har så låg

bruksfrekvens i det undersøkte materialet elles, finst her. I minneoppgåvematerialet,

som er ei samling av sjølvbiografiske tekstar skrivne av eldre menneske over heile

landet, såg Wetås på tekstar frå Telemark, Oppland og Nord-Trøndelag. Her inneheldt

éin av tekstane frå Nord-Trøndelag forma hennes, tre frå Oppland hadde hennar.

Dei ti forfattarskapane frå 1930-åra Lars S. Vikør undersøkte, fordelte seg jamt:

fem med hennes og dei andre fem med hennar. I 1950-åra skreiv sju forfattarar hennar

og to hennes. Hennar vinn deretter terreng, for blant dei ti 1970-årsforfattarane var det

ni som valde den forma.

Vurdering

Hennes dominerer i talemålet, og det talar for at forma skulle få halda på plassen sin i

norma. Men utanom ein periode midt på 1900-talet har ikkje denne forma slått gjennom

i skriftspråket.

Konklusjon

Ut frå at forma er så lite brukt i skrift, rår me til å ta ho ut or rettskrivinga.

3.2.3.b Eigeforma [deires] av personleg pronomen

Status i dag

I dag har eigeforma deira klammeforma [deires].

Framlegg

Eigedomspronomen 3. pers. fleirtal [deires] går ut or rettskrivinga. (2000-framlegget)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!