25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

126

prinsippet gjelda. Grunnen til at det står ”sideformer” i vedtaket, er at det var mest slike

former som gjekk ut.

Når det gjeld suffikset -ut, kan me ikkje byggja på noka skriftleg undersøking,

men talemålsbelegg talar eintydig for at -ete-suffikset har det beste grunnlaget. Når ein

skal skjera ned på valfridomen, er det naturleg at -ete blir det rådande i norma.

Konklusjon

Sjølv om -ut-forma er den tradisjonelle, vil me her leggja vekt på kva som er mest brukt

i tale og skrift i dag. Me rår difor til at adjektivsuffikset -ete blir eineform.

3.2.3 Pronomen

3.2.3.a Eigeforma [hennes] av personleg pronomen

Status i dag

Til eigeforma hennar har me i dag klammeforma [hennes].

Framlegg

Eigedomspronomen i 3. pers. eintal hokjønn [hennes] går ut or rettskrivinga. (2000-

framlegget)

Normhistorikk

Eigeforma hennar er den gamle i nynorsk. Tilleggstilråding for ny rettskrivning 1936 (s.

10) tek med hennes som jamstilt hovudform og vedgår at nemnda “har her gått langt for

å få sams former i disse vanlige og viktige ord. [pronomen]”. Det vart då òg til at

hennes måtte nøya seg med klammeformstatus etter Ny rettskriving 1938. Men Framlegg

til læreboknormal 1957 peikte derimot på at sidan formene med -s (hinnes, hennas

osv.) stod så sterkt i folkemålet, var det rimeleg å jamstilla hennes med hennar. I 1985

vart [hennes] gjord til klammeform att. Årsaka var at forma var lite å finna i tekstar som

følgde læreboknormalen, m.a. lærebøker for grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Talemålsgrunnlag

Ut frå talemålsundersøkinga 1999 ville 59 % av dei spurde sagt hennes/hinnas, 30,5 %

ville brukt henna(r)/hinna, og hennærs var talemålsforma for 3,5 %. Fordelinga mellom

hennar og hennes hjå dei spurde ser slik ut etter denne undersøkinga:

Rogaland hennar 11 % hennes 89 %

Hordaland hennar 70 % hennes 30 %

Nord-Trøndelag hennar 30 % hennes 70 %

Sør-Trøndelag hennar 64 % hennes 36 %

Oppland hennar 57 % hennes 43 %

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!