Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
125

Normhistorikk

Det tradisjonelle suffikset i adjektiv av denne typen har vore -ut. Fram til 1959 var det

hovudforma med [-et] som klammeform. Då fekk norma tre jamstilte former: -ut, -et og

-ete. I 2000 gjekk nynorskseksjonen inn for å ta -et-forma (steinet) heilt ut or

rettskrivinga, og seksjonen gjekk på maimøtet i 2002 inn for at også forma på -ut

(steinut) skal fjernast.

Talemålsgrunnlag

I målføra finst dels former med fullvokal (-ut, -ot, -åt, -at), dels former med redusert

vokal

(-et). Talemålsundersøkinga Språkrådet fekk gjort i 1999, viser at 47,5 % av dei spurde

ville sagt steinete/-ite, 38,5 % ville brukt forma steinut/-åt, medan 11 % ville sagt

steinet.

Steinete/-ite-forma, som er den mest dominerande i materialet, inkluderer òg den

nordnorske varianten steinat, som er rapportert frå Nordland og nordetter. Steinut/-åt er

ikkje brukt av informantane frå Akershus, Oslo, Østfold, Vestfold, Hedmark, Rogaland,

Hordaland, Sogn og Fjordane og Finnmark. Men forma er brukt i Vest-Agder (11 %),

Aust-Agder (33 %), Buskerud/Telemark (67 %), Oppland (65 %), Møre og Romsdal (56

%), Sør-Trøndelag (81 %), Nord-Trøndelag (100 %), Nordland (82 %) og i Troms med

33 %.

Skriftmålsgrunnlag

Etter Nynorsk frekvensordbok har me registrert denne formbruken:

flåsete (3)

kantete (2)

keitet (1) / keitete (1)

klosset (1) / klossete (1) / klossåt (2)

rotete (5)

rutete (3)

støvete (2)

tøvet (1)

Slike ord er lite frekvente i tekstar, men inntrykket er at -ete-forma er nokså utbreidd.

Den klårt tradisjonelle forma er -ut.

Vurdering

Adjektivsuffikset -et (steinet) gjekk altså ut etter framlegget og drøftinga på

seksjonsmøtet i 2000. Her viser me til prinsipp 1b som vart vedteke av

nynorskseksjonen 13.5.02: "Dei sideformene som rådsmøtet i 2000 vedtok å avskaffa,

blir ikkje vurderte på nytt no." Sjølv om -et-forma ikkje var sideform, bør det same