25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

121

3.2.1.d Fleirtalsformene møbel – møbla/møbli

Status i dag

Ordet møbel har i nynorskrettskrivinga no både hankjønns- og inkjekjønnsbøying i

fleirtal: møbel – møb(e)let – møbel/møblar – møbla/møbli/møblane

Framlegg

Fleirtalsformene møbel – møbla/møbli går ut, og dette bøyingsmønsteret blir eineform:

eit møbel – møbelet – møblar – møblane

Normhistorikk

Substantivet møbel var oppført som inkjekjønnsord i Matias Skard Nynorsk ordbok

1920 og 1945. I 1954-utgåva var alternativ hankjønnsbøying i fleirtal komen med,

medan Gerhard Haaland i Norsk ordliste. Nynorsk 1957 let møbel ha berre

inkjekjønnsbøying. I Samlaget si Nynorsk ordliste 1959 var oppføringa “møbel et,

møblar”. I 1963-utgåva stod det klårare: “møbel et, fl -el, møblar”. Denne alternative

fleirtalsbøyinga har sidan golde.

Det går ikkje fram av førearbeida til 1938-rettskrivinga eller 1959-normalen at

bøyinga av møbel har vore omtala, heller ikkje er dette ordet teke med i lister over

substantiv med skiftande kjønn eller oppført i dei to ordlistene som vart gjevne ut ved -

reformene. Men me må vel rekna med at ordlisteforfattarane har registret

hankjønnsbøyinga i fleirtal som så utbreidd at dei har teke desse formene med i

oppføringa. Som oversikta ovanfor syner, har ordlistene gjeve ulike opplysningar.

Nynorskseksjonen av rådet vedtok på møtet 3.–4.2.2000 desse bøyingane:

eit møbel – møbelet – møblar [møbel] – møblane [møbla] [møbli]

Talemålsgrunnlag

Her har me inga undersøking å visa til. Talemålet har nok tidleg fått hankjønnsbøying

her. Somme stader er ordet òg hankjønnsord i eintal.

Skriftmålsgrunnlag

Nynorsk frekvensordbok, som byggjer på dei vanlegaste orda i skriftleg nynorsk henta

frå aviser, sakprosa og romanar i tida 1978–84, har eitt belegg på møbel (ubunde

eintal/fleirtal), tre på møblane, tolv på møblar og to på *møbler.

Vurdering

Går me ut frå strukturen, er fleire møbel – alle møbla [møbli] dei systemrette formene.

Språkbruken i skrift har mest heilt og fullt gått over til å gje ordet hankjønnsbøying i

fleirtal. Valfritt fleirtal som det har vore hittil, er inga god løysing dersom den eine

forma så å seia ikkje er i bruk, trass i strukturargumentet. Éi løysing er sjølvsagt å ha

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!