Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

120 Skorne/skoa/skoene: 44 % av dei spurde ville sagt sko(e)n(e), 27 % skoa/skoi, 14,5 % skorne, 6,5 % skonå og 5 % skonan. Myser og lyser Dessverre har me ikkje noka undersøking som viser utbreiinga av dei andre orda i talemåla. Når det gjeld lyser og myser, må ein nok kunna seia at dei frå gammalt av var utbreidde talemålsformer, men at dei er meir sjeldne i daglegtalen i dag. Derimot finst òg regelrett fleirtal med -er og utan vokalskifte (muser, luser). Skriftmålsgrunnlag Forma menn er mest utbreidd i skrift, og slik er det òg med lus og mus. Det er vidare vanlegast å bøya vom som eit regelrett hokjønnsord. I Nynorsk frekvensordbok finn me desse opplysningane: feil (117) / feila (3) / feiler (3) menn (168) musene (2) / mysene (1) skoa (4) / skor (11) / skorne (6) vommene (2) Av dei 117 belegga på feil kan sjølvsagt mange vera den ubundne forma i eintal, men me legg merke til at det er ingen døme på feilane i bunden form fleirtal. Når det gjeld menner, er ikkje den forma registrert. Utslaga for mus/myser og skoa/skorne er ikkje tydelege. Og berre eintalsforma av lus er oppført. Vurdering Talemålsundersøkinga viser størst utbreiing for menn og skorne, men ho gjev òg god støtte for menner og skoa. I skrift er det derimot lite som talar for talemålsforma menner. Strukturelt følgjer fleirtalsforma skor hovudmønsteret for hankjønnsord på vokal, og difor bør den forma bli eineform. Me manglar gode opplysningar om talemålet, men bruken i skriftspråket er eintydig. Lus – lyser var ved ein glepp ikkje behandla saman med dei tilsvarande formene mus – myser i 2000-framlegget. Me rettar opp ein opplagd inkonsekvens frå den tid og ser formene under eitt no. Konklusjon Fleirtalsformene menner, feilar – feilane, sko – skoa/skoi, vemmer – vemmene, myser – mysene, lyser – lysene har såpass lita støtte i skrift- og talemål at me rår til å ta dei ut or norma.

121 3.2.1.d Fleirtalsformene møbel – møbla/møbli Status i dag Ordet møbel har i nynorskrettskrivinga no både hankjønns- og inkjekjønnsbøying i fleirtal: møbel – møb(e)let – møbel/møblar – møbla/møbli/møblane Framlegg Fleirtalsformene møbel – møbla/møbli går ut, og dette bøyingsmønsteret blir eineform: eit møbel – møbelet – møblar – møblane Normhistorikk Substantivet møbel var oppført som inkjekjønnsord i Matias Skard Nynorsk ordbok 1920 og 1945. I 1954-utgåva var alternativ hankjønnsbøying i fleirtal komen med, medan Gerhard Haaland i Norsk ordliste. Nynorsk 1957 let møbel ha berre inkjekjønnsbøying. I Samlaget si Nynorsk ordliste 1959 var oppføringa “møbel et, møblar”. I 1963-utgåva stod det klårare: “møbel et, fl -el, møblar”. Denne alternative fleirtalsbøyinga har sidan golde. Det går ikkje fram av førearbeida til 1938-rettskrivinga eller 1959-normalen at bøyinga av møbel har vore omtala, heller ikkje er dette ordet teke med i lister over substantiv med skiftande kjønn eller oppført i dei to ordlistene som vart gjevne ut ved - reformene. Men me må vel rekna med at ordlisteforfattarane har registret hankjønnsbøyinga i fleirtal som så utbreidd at dei har teke desse formene med i oppføringa. Som oversikta ovanfor syner, har ordlistene gjeve ulike opplysningar. Nynorskseksjonen av rådet vedtok på møtet 3.–4.2.2000 desse bøyingane: eit møbel – møbelet – møblar [møbel] – møblane [møbla] [møbli] Talemålsgrunnlag Her har me inga undersøking å visa til. Talemålet har nok tidleg fått hankjønnsbøying her. Somme stader er ordet òg hankjønnsord i eintal. Skriftmålsgrunnlag Nynorsk frekvensordbok, som byggjer på dei vanlegaste orda i skriftleg nynorsk henta frå aviser, sakprosa og romanar i tida 1978–84, har eitt belegg på møbel (ubunde eintal/fleirtal), tre på møblane, tolv på møblar og to på *møbler. Vurdering Går me ut frå strukturen, er fleire møbel – alle møbla [møbli] dei systemrette formene. Språkbruken i skrift har mest heilt og fullt gått over til å gje ordet hankjønnsbøying i fleirtal. Valfritt fleirtal som det har vore hittil, er inga god løysing dersom den eine forma så å seia ikkje er i bruk, trass i strukturargumentet. Éi løysing er sjølvsagt å ha

120

Skorne/skoa/skoene:

44 % av dei spurde ville sagt sko(e)n(e), 27 % skoa/skoi, 14,5 % skorne, 6,5 % skonå og

5 % skonan.

Myser og lyser

Dessverre har me ikkje noka undersøking som viser utbreiinga av dei andre orda i

talemåla. Når det gjeld lyser og myser, må ein nok kunna seia at dei frå gammalt av var

utbreidde talemålsformer, men at dei er meir sjeldne i daglegtalen i dag. Derimot finst

òg regelrett fleirtal med -er og utan vokalskifte (muser, luser).

Skriftmålsgrunnlag

Forma menn er mest utbreidd i skrift, og slik er det òg med lus og mus. Det er vidare

vanlegast å bøya vom som eit regelrett hokjønnsord. I Nynorsk frekvensordbok finn me

desse opplysningane:

feil (117) / feila (3) / feiler (3) menn (168)

musene (2) / mysene (1) skoa (4) / skor (11) / skorne (6)

vommene (2)

Av dei 117 belegga på feil kan sjølvsagt mange vera den ubundne forma i eintal, men

me legg merke til at det er ingen døme på feilane i bunden form fleirtal. Når det gjeld

menner, er ikkje den forma registrert. Utslaga for mus/myser og skoa/skorne er ikkje

tydelege. Og berre eintalsforma av lus er oppført.

Vurdering

Talemålsundersøkinga viser størst utbreiing for menn og skorne, men ho gjev òg god

støtte for menner og skoa. I skrift er det derimot lite som talar for talemålsforma

menner. Strukturelt følgjer fleirtalsforma skor hovudmønsteret for hankjønnsord på

vokal, og difor bør den forma bli eineform. Me manglar gode opplysningar om

talemålet, men bruken i skriftspråket er eintydig.

Lus – lyser var ved ein glepp ikkje behandla saman med dei tilsvarande formene mus –

myser i 2000-framlegget. Me rettar opp ein opplagd inkonsekvens frå den tid og ser

formene under eitt no.

Konklusjon

Fleirtalsformene menner, feilar – feilane, sko – skoa/skoi, vemmer – vemmene, myser –

mysene, lyser – lysene har såpass lita støtte i skrift- og talemål at me rår til å ta dei ut or

norma.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!