25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

12

det stor sjanse for at dei blir internaliserte normer i dei andre ledda i normeringssirkelen.

På denne måten kan ein halda fram med å konkretisera ut frå sirkelen. Det ein

oppdagar, er at fleire instansar har fastsette normer som styrer språkbruken pga. ideologi,

og dei har gode strategiske posisjonar i normeringssirkelen. Denne språkbruken

fastsett av svært få personar blir i neste omgang inndata for tolkingar hjå dei mange som

leitar etter normer i internaliseringsprosessen. Slik kan fastsette normer i fleire av ledda

i sirkelen påverka dei internaliserte normene i det samla kollektivet. I dette kollektivet

er Språkrådet berre ein av mange agentar, og det er nokså usynleg i den samla

tekstverda. Språkrådet har mest gjennomslagskraft i lærebøker og offentlege dokument.

Den modellen som er skissert ovanfor, er tydelegast for bokmålet, som har ein

dominerande plass i samfunnet. Men for nynorsk har nok dei større regionavisene som

Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Sunnmørsposten ein liknande funksjon.

Denne gjennomgåinga kunne utvidast til ei konkretisering med detaljar frå

forlag, skule og Språkrådet, men poenget skulle ha kome fram: Den skriftlege praksisen

målt i frekvens er ikkje noko demokratisk uttrykk for ein folkevilje. Storparten av

belegga for frekvensmålingane er resultat av fastsette normer hjå relativt få personar.

Dermed er frekvensoversikter meir ein illustrasjon på korleis normstyringa fungerer i

samfunnet. Men samstundes er det slik at me ofte ikkje har betre data enn frekvensar å

vise til, så denne drøftinga skal difor understreka kor viktig det er å vera kritisk. Ein bør

vera varsam med å gjera eit er i ei beskriving om til eit bør eller skal i norma.

Språkrådet blir mest assosiert med offentleg normering, og der skjer prekripsjonen

gjennom open diskusjon, saksførebuing med offentleg innsyn i sakspapir og

vedtak på rådsmøte med pressedekning. Me kan kalla denne normeringsprosessen for

open normfastsetjing. Normeringsprosessen i aviser, forlag og departement med eigne

husnormer går føre seg skjult og utan faglege saksutgreiingar – det er tildekt normfastsetjing.

1.2.4 Normer, lojalitet og identitet

Framstillinga ovanfor galdt produksjonen av data for den individuelle normdanninga.

Men tolkingsprosessen er ikkje berre slik at ein dyttar data inn og får dei avkoda

normene ut. Mykje av åtferda vår er intensjonal og målretta. Me har altså eit ynske med

handlingane våre, også med korleis me formar språket.

Det er altså òg ein subjektiv faktor i internaliseringsprosessen. Det kan me

illustrera med nokre granskingar frå skriftspråkskollektivet:

Det har vore gjennomført nokre granskingar av haldningane elevar har til

skriftmål og til sin eigen skriftpraksis. Det som går att, er at elevane er opptekne av kva

reaksjonar lesaren, og for dei oftast læraren, har på det dei skriv. Dei er instrumentelt

opptekne, som det blir kalla, altså opptekne av kva dei kan oppnå med å skriva slik eller

slik.

Roy Johansen (1998) undersøkte korleis elevar i Øyestad i Aust-Agder skreiv,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!