25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

118

Åse Wetås skriv i undersøkinga si av publisert materiale på nynorsk (Wetås

2001a:22):

Samtlege undersøkingar av substantivformer viser at det stort sett berre er

hovud-formene som er i bruk. Eitt og anna innslag kan det vera av

klammeformene, men det er heilt marginalt.

I det upubliserte materialet har ho funne same tendensen. I delmaterialet som gjeld

barne- og ungdomstekstar, er det ein mest heilt eintydig bruk av hovudformer i bøyinga

av hokjønnssubstantiva. I minneoppgåvematerialet (Wetås 2001b: 19) er

klammeformene [-or, -one] i svake femininum heller ikkje så godt representerte. I

materialet frå Telemark nyttar alle skrivarane hovudformene -er, -ene, med unntak av

éin, som i eitt tilfelle skriv “tri vikur”. I materialet frå Oppland nyttar éin skrivar

formene gjentor og gjentone. Åtte skrivarar nyttar konsekvent hovudformene.

Vurdering

Klammeformene av svake hokjønnsord på -or og -one er svært lite brukte, sjølv om dei

alltid har vore tillatne skriftspråksformer. Dei som gjer seg nytte av dei, er ei lita gruppe

språkmedvitne skribentar som vil halda mest mogleg på Aasen-normalen eller ein

”klassisk nynorsk”. Desse formene har svakare talemålsgrunnlag enn i-målet, som dei

heller ikkje heng strukturelt saman med, og det finst nynorskbrukarar som skriv i-mål

utan å bruke -or og -one i fleirtal. Sidan -or/-one-formene er så lite brukte, er det lite

som talar for å halda på dei. Det er heller ikkje særleg aktuelt å bruka dei i stadnamn,

slik at det argumentet me brukte for

-i-endinga i pkt. 2.2 , ikkje er aktuelt her.

Konklusjon

Det er liten grunn til å halda på endingane -or og -one i svake hokjønnsord i fleirtal.

3.2.1.c Fleirtalsformene menner, feilar – feilane, sko – skoa/skoi, vemmer –

vemmene, myser – mysene, lyser – lysene

Status i dag

ein mann – mannen – menn/menner – mennene

ein feil – feilen – feil/feilar – feila/feilane

ein sko – skoen – skor/sko – skorne/skoa/skoi

ei lus – lusa – lus/lyser – lusene/lysene

ei mus – musa – mus/myser – musene/mysene

ei vom – vomma – vommer/vemmer – vommene/vemmene

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!