25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

116

endar infinitiven på -e, medan dei svake hokjønnsorda har -a i ubunden form eintal.

Dette finn me i Sør-Troms og delvis i Finnmark. Dessutan har nokre bygder heilt sør i

landet dette draget. Endinga -a finn me såleis i både a-måls- og e/a-målsområdet.

Skriftmålsgrunnlag

Lars S. Vikørs undersøking Rettskriving hos nynorskforfattarar (1995) viser at berre

Ragnvald Vaage av dei ti 1930-årsforfattarane bruker forma med -a i ubunde eintal av

svake hokjønnsord. Går me til dei ni forfattarane frå 1950-åra, bruker alle e-endinga.

Også i dei ti forfattarskapane frå 1970-åra er det e-forma som er vald i ubunde eintal.

Interessant er det å leggja merke til at Åse Wetås har funne konsekvent bruk av

klammeforma med -a i ein roman av Johannes Heggland frå 1981. I romanen frå 1955

som Vikør granska, brukte Heggland e-ending i ubunde eintal.

Ved tekstgjennomgang av Bergens Tidende fann Åse Wetås eitt svakt

hokjønnsord i ubunden form eintal med -a, samstundes som det elektroniske søket gav

709 treff på bruken av hovudforma med -e. Søk i nynorske aviser i Norsk Tekstarkiv

gav ikkje treff på klammeforma med -a i det heile. Heller ikkje i manuelt ekserpert

avismateriale fann ho anna enn hovudforma.

I det upubliserte materialet Wetås granska, meinte ho å sjå at når det galdt

delmaterialet av barne- og ungdomstekstar, var det ein mest eintydig bruk av

hovudformer i bøyinga av hokjønnssubstantiva. I minneoppgåvematerialet, som er ei

samling av sjølvbiografiske tekstar skrivne av eldre menneske over heile landet, såg

Wetås på tekstar frå Telemark, Oppland og Nord-Trøndelag. Heller ikkje her fann ho

anna enn hovudformene med -e av desse hokjønnsorda.

Vurdering

Omsyn til systemet i målføra kan tala for å halda på valfridom i ubunden form eintal av

svake hokjønnsord. Endinga her svarar jamt over til endinga i infinitiv. Når -a er

jamstilt form i infinitiv i skriftspråket, kan det tala for at same regelen bør gjelda for

ubunde eintal svakt hokjønn på -a. Som me såg under ”Talemålsgrunnlag”, er dessutan

endinga -a i ubunde svakt hokjønn meir utbreidd i talemåla enn -a i infinitiv.

Det er den manglande skriftspråksbruken som gjer det vanskeleg å forsvara at a-

endinga skal kunna vera valfri. No treng ein ikkje undrast på at denne forma har vorte så

fråverande i skrift, for etter 1938 var ho ikkje med i norma i det heile. På dei knappe

tjue åra som har gått sidan forma kom inn att, har svært få teke ho i bruk.

Ei strukturell ulempe med a-endinga kan nemnast: Ho skil ikkje mellom ubunden

og bunden form eintal, og det gjer t.d. denne setninga tvitydig: No må du skriva visa om

ho Kari. Det er truleg dette samanfallet mellom ubunden og bunden form eintal som

gjorde at -a i ubunden form i skrift fall bort nokså tidleg.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!