25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

112

A: Tilleggsframlegg frå Åsmund Forfang, Helge Sandøy og Lars S. Vikør

Dei 27 orda nemnde ovanfor skal ha valfrie former i nynorsknorma, altså slik:

anten/enten, bar(e)/berr(e), bilde/bilete, drysje/drysse, framand/fremmend, gjere/gjøre,

haldning/holdning, hange/henge, hjarte/hjerte, idrett/idrott, kopar/koppar, kors/kross,

massing/messing, mog(e)leg/muleg, mid-/ midt-, mye/mykje, no/nå, segle/sigle,

sia/sidan, skunde/skynde, so/så, sommar/sumar, somme/sume, sti/stig, true/truge,

trugsel/trussel, verd/verdi.

B: Tilleggsframlegg frå Oddrun Grønvik, Eilov Runnestø, Kåre Skadberg og Olav

Veka

Desse ni orda skal ha valfrie former i nynorsknorma: drysje/drysse, massing/messing,

segle/sigle, sommar/sumar, somme/sume, sti/stig, true/truge, trugsel/trussel, verd/verdi.

Desse formene går dermed ut: [bar(e)], [enten], [bilde], fremme, fremmend,

[gjøre], holdning, hange, [hjerte], [idrott], [koppar], [kors], [muleg], mid-, mye, [nå],

sia, [skynde], [so] . (Jf. pkt. 3.3.2.b og 3.3.2.c.)

Normhistorikk

Her skal me ikkje gje heilt detaljert historikk for kvart ord, men berre nemna tidspunktet

då mange av dei aktuelle formene kom inn i nynorsknorma. Kopar er oppført i Skards

Landsmaalsordlista frå 1903, og i 1959 kom klammeforma [koppar] inn. I 1917 vart

desse tekne inn: bare, bar, enten, [fremmend], [hjerte], messing, sommar, somme, nå,

så, gjøre, [idrett], [kors], [sia]. Ved neste store rettskrivingsreform, i 1938, kom segle

og mogleg inn. Ved seinare endringar har så desse formene vorte godtekne: i 1977 true,

trussel, henge og holdning, i 1981 [sti], og i 1984 vart også [muleg] godteke.

Talemålsgrunnlag

Her er det ikkje undersøkt systematisk korleis utbreiinga er av dei ymse formene.

Skriftmålsgrunnlag

Eit moment som har vore framme i rettskrivingsdrøftingane, er at ein lettare skal kunna

opna for valfridom i ord med stor frekvens i språket enn i ord med liten frekvens.

Frekvensane for bruken av dei ymse orda (samla for begge/alle formvariantane) er etter

Nynorsk frekvensordbok svært høge for dei fleste av desse orda. Dei 1000 mest

frekvente orda (dvs. uavhengig av ordform) i språket vårt – dvs. ord med frekvens over

80 i denne frekvensordboka. Det vil seia at desse orda er blant dei 1000 vanlegaste orda

i norsk: anten/enten, bar(e)/berr(e), bilde/bilete, framand/fremmend, gjere/gjøre,

haldning/holdning, hjarte/hjerte, idrett/idrott, mog(e)leg/muleg, mye/mykje, no/nå,

sia/sidan, so/så, sommar/sumar, somme/sume, true/truge, verd/verdi. Desse må reknast

for frekvente og til dels svært frekvente ord. Blant dei 5000 vanlegaste orda våre, og

dermed nokså frekvente, finn me så hange/henge, kors/kross, mid-/midt, segle/sigle,

skunde/skynde, sti/stig og trugsel/trussel.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!