Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

110 1938 (både i samansetningar og i preposisjonane som austa, norda osv.). Valfridomen i dei andre aktuelle orda (ut-, ov-, inn-) gjeld generelt framfor konsonant (utafor/utanfor, utalands/utanlands). Framfor vokal står n-en, eller suffikset blir ikkje brukt (innanom/innom, ovanom/ovom). Talemålsgrunnlag Dialektgrunnlaget for -an- er nokså lite, først og fremst sørvestlandsk. Resten av landet har -a- eller -å-: nordatil, heimafrå osv. Av 164 informantar i TALE99 svara 82 % at dei bruker forma nordafor, 11,5 % seier nordanfor, og nokre få seier at dei blandar desse to eller sløyfer suffikset i nordfør. 150 informantar uttala seg vidare om bortafor/bortanfor. Her meinte 75 % at dei sa bortafor, 16,5 % sa bortanfor og nokre blanda eller sa bortfør. Av dei spurde svara 89 % frå Vest-Agder og 80 % frå Roglaland at dei brukte -an-suffikset, 50 % av svara frå Hordaland sa det same. 30 % av informantane frå Nordland meinte dei sa nordafor men bortanfor. Skriftmålsgrunnlag I skrift blir -a- brukt i 21 % og -an- i 79 % av tilfella der det er valfridom (austa(n)til, inna(n)for osv.). Vurdering a) Talemålsutbreiinga. Talemålsgrunnlaget er best for -a-. b) Skriftleg bruk. I skriftleg nynorsk står -an- sterkast. c) Den indre bygnaden. Systemet i dag har jamt over valfridom mellom -a- og -an- der andreleddet byrjar på konsonant, men det er innført ei avgrensing som ikkje verkar heilt godt grunngjeven: Adverb med himmelretningane har ikkje valfridom i samansetningar der andre leddet byrjar på konsonant; slik valfridom kan ein likevel ha framfor -til. Ved å fjerna denne litt kompliserte avgrensinga på regelen kan systematikken bli styrkt og enklare å læra. d) Ordgruppe. Både formelt og etter innhaldet er dette ord som tydeleg utgjer ei gruppe. e) Som identitetsuttrykk. Formene med -an- framfor konsonant er "obligatoriske" for den som ynskjer å markera seg med ein tradisjonell nynorsk. Kan henda har formene med -a- eit tilsvarande ”moderne” preg, men mest markerer dei nok ein medviten talemålsnær nynorsk. f) Nytt Det kjem inn nokre nye valfrie former med denne reguleringa (t.d. austanfor), men elles blir valfridomen som før.

111 Konklusjon Eit framlegg om å behandla aust-typen likt med ut-typen vil representera ei forenkling. Begge ordlagingsmåtane (-a- og -an-) står så sterkt i tale og skrift at det er urimeleg å ta ut den eine. 2.3 Einskildord Status i dag Etter prinsipp A blir alle enkeltorda som etter 2000-framlegget skulle ha valfrie former innanfor læreboknormalen, også valfrie vidare. Me kan ikkje lista opp alle desse orda. Utgangspunktet her er dei orda som hadde ei valfri form som klammeform etter 2000- framlegget. (Etter den gjeldande rettskrivinga er det berre tale om mindre endringar sidan hovudtendensen i 2000-framlegget var å setja tidlegare hovudformer meir i klammer.) Det vil altså seia at former som viljug/villig ikkje blir nemnde her. Dei er jamstilte, og etter framlegget blir dei det vidare. I rettskrivinga i dag står det 125 ord med valfrie former utanom dei ordgruppene som er nemnde ovanfor i kapittel 2. Dei blir ikkje lista opp alle, men dei er til saman orda som i punkt 2.3 blir føreslått verande i norma med valfridom, og dei som me i punkt 3.3 føreslår å stryka den eine alternative skrivemåten av. Her skal me berre visa statusen åt dei ordformene som det er framlegg om å halda på valfridom i: g a–e o–u o–å Andre berr(e) [bar(e)] mog(e)leg no [nå] anten [enten] [muleg] så [so] framand/ sommar [sumar] fremmend somme [sume] hange/henge hjarte [hjerte] massing [messing] stig [sti] true/truge trugsel/trussel drysja [dryssa] haldning/holdning mid-/midtsegle/sigle skunde [skynde] bilete [bilde] gjere [gjøre] kross [kors] kopar [koppar] mye/mykje sia/sidan verd/verdi idrett [idrott] Framlegg Dei enkeltorda som etter 2000-framlegget skulle ha valfrie former innanfor læreboknormalen, blir valfrie heretter òg, jf. prinsipp A punkt 1.6 s. 28.

111

Konklusjon

Eit framlegg om å behandla aust-typen likt med ut-typen vil representera ei forenkling.

Begge ordlagingsmåtane (-a- og -an-) står så sterkt i tale og skrift at det er urimeleg å ta

ut den eine.

2.3 Einskildord

Status i dag

Etter prinsipp A blir alle enkeltorda som etter 2000-framlegget skulle ha valfrie former

innanfor læreboknormalen, også valfrie vidare. Me kan ikkje lista opp alle desse orda.

Utgangspunktet her er dei orda som hadde ei valfri form som klammeform etter 2000-

framlegget. (Etter den gjeldande rettskrivinga er det berre tale om mindre endringar

sidan hovudtendensen i 2000-framlegget var å setja tidlegare hovudformer meir i

klammer.) Det vil altså seia at former som viljug/villig ikkje blir nemnde her. Dei er

jamstilte, og etter framlegget blir dei det vidare.

I rettskrivinga i dag står det 125 ord med valfrie former utanom dei ordgruppene

som er nemnde ovanfor i kapittel 2. Dei blir ikkje lista opp alle, men dei er til saman

orda som i punkt 2.3 blir føreslått verande i norma med valfridom, og dei som me i

punkt 3.3 føreslår å stryka den eine alternative skrivemåten av. Her skal me berre visa

statusen åt dei ordformene som det er framlegg om å halda på valfridom i:

g a–e o–u o–å Andre

berr(e) [bar(e)] mog(e)leg no [nå]

anten [enten] [muleg] så [so]

framand/ sommar [sumar]

fremmend somme [sume]

hange/henge

hjarte [hjerte]

massing

[messing]

stig [sti]

true/truge

trugsel/trussel

drysja [dryssa]

haldning/holdning

mid-/midtsegle/sigle

skunde [skynde]

bilete [bilde]

gjere [gjøre]

kross [kors]

kopar [koppar]

mye/mykje

sia/sidan

verd/verdi

idrett [idrott]

Framlegg

Dei enkeltorda som etter 2000-framlegget skulle ha valfrie former innanfor

læreboknormalen, blir valfrie heretter òg, jf. prinsipp A punkt 1.6 s. 28.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!