25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

110

1938 (både i samansetningar og i preposisjonane som austa, norda osv.).

Valfridomen i dei andre aktuelle orda (ut-, ov-, inn-) gjeld generelt framfor

konsonant (utafor/utanfor, utalands/utanlands). Framfor vokal står n-en, eller suffikset

blir ikkje brukt (innanom/innom, ovanom/ovom).

Talemålsgrunnlag

Dialektgrunnlaget for -an- er nokså lite, først og fremst sørvestlandsk. Resten av landet

har -a- eller -å-: nordatil, heimafrå osv. Av 164 informantar i TALE99 svara 82 % at

dei bruker forma nordafor, 11,5 % seier nordanfor, og nokre få seier at dei blandar

desse to eller sløyfer suffikset i nordfør. 150 informantar uttala seg vidare om

bortafor/bortanfor. Her meinte 75 % at dei sa bortafor, 16,5 % sa bortanfor og nokre

blanda eller sa bortfør. Av dei spurde svara 89 % frå Vest-Agder og 80 % frå Roglaland

at dei brukte -an-suffikset, 50 % av svara frå Hordaland sa det same. 30 % av

informantane frå Nordland meinte dei sa nordafor men bortanfor.

Skriftmålsgrunnlag

I skrift blir -a- brukt i 21 % og -an- i 79 % av tilfella der det er valfridom (austa(n)til,

inna(n)for osv.).

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Talemålsgrunnlaget er best for -a-.

b) Skriftleg bruk. I skriftleg nynorsk står -an- sterkast.

c) Den indre bygnaden. Systemet i dag har jamt over valfridom mellom -a- og -an- der

andreleddet byrjar på konsonant, men det er innført ei avgrensing som ikkje verkar heilt

godt grunngjeven: Adverb med himmelretningane har ikkje valfridom i samansetningar

der andre leddet byrjar på konsonant; slik valfridom kan ein likevel ha framfor -til. Ved

å fjerna denne litt kompliserte avgrensinga på regelen kan systematikken bli styrkt og

enklare å læra.

d) Ordgruppe. Både formelt og etter innhaldet er dette ord som tydeleg utgjer ei gruppe.

e) Som identitetsuttrykk. Formene med -an- framfor konsonant er "obligatoriske" for

den som ynskjer å markera seg med ein tradisjonell nynorsk. Kan henda har formene

med -a- eit tilsvarande ”moderne” preg, men mest markerer dei nok ein medviten

talemålsnær nynorsk.

f) Nytt Det kjem inn nokre nye valfrie former med denne reguleringa (t.d. austanfor),

men elles blir valfridomen som før.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!