25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

11

som me tolkar normene ut frå – og bruker språket og dermed leverer det som blir inndata

i andre sin tolkingsprosess. Men i praksis har samfunnsmedlemmene ulik innverknad

som normagentar. Det kan me få fram i ein enkel modell, som me her skal bruka på

den ytre faktoren frekvens, men han kan òg tilpassast dei andre påverknadsfaktorane.

Pilene antydar kven som påverkar kven. Difor får avisene og forlaga så mange piler ut.

Lesarane og elevane har fåe sjansar til å påverka. Dei største tekstprodusentane i Noreg

er avisene, først og fremst NTB og Aftenposten. Aftenposten åleine har kanskje 400 000

lesarar kvar dag. Skriftformene i denne avisa og i meldingane frå dette byrået står

dermed sterkt i minnet åt folk pga. frekvensen. Dei påverkar altså det språkbrukarane

leitar etter som det vanlege. Men også statusen åt avsendaren verkar inn på tolkinga, og

då kan det bety noko at denne avisa er akseptert som seriøs av det offentlege Noreg,

osv. Og om NTB veit me at det jamt over er påliteleg, osv.

Me kan tenkja oss eitt ledd vidare. Byråkratane i departementa f.eks. les Aftenposten

ved frukostbordet om morgonen, og skriv etterpå rundskriv som går ut til kontor

i heile Noreg. Då har normalbyråkraten ubevisst tolka normene frå Aftenposten og

praktiserer dei vidare i sine eigne brev. Dette skjer ubevisst. Ettersom det er i pressa

byråkratane risikerer å finna kommentarar til og kritikk av seg sjølve, får språket i visse

aviser ein viktig status. Ein førekomst av ei ordform i subkulturavisa Natt & Dag veg

neppe like tungt hjå byråkraten som ein førekomst i Aftenposten.

Slik kan me seia at normene i avisene får preg av å vera internaliserte normer for

byråkratane og andre lesargrupper. Ubevisst søkjer dei etter forventa åtferd og etablerer

si tru om norma.

I avisene skjer det på ein annan måte, for her er det fastsette normer som rår.

Mange aviser har sin eigen språkkomité eller utpeikte personar som bestemmer

normene, og det fører til at enkeltvedtak gjorde av éin eller nokre få personar får stor

innverknad på store delar av folket. Først er vedtaka fastsette normer i avisene, og så er

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!