25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

109

dersom ein vil samsvarbøya dei, er nokså innfløkte for dei som ikkje har

talemålsgrunnlag for dei. Bøyingsformene for dei sterke partisippa er derimot nokså

enkle, og ein finn dei same att i bøyinga av adjektiv på -en, som står endå sterkare. Det

gjer nok at samsvarbøying av sterke partisipp ser ut til å vera gjennomført utan problem

i nynorsk, også av dei som ikkje har talemålsgrunnlag for det.

e) Som identitetsuttrykk. Dei som ynskjer å skrive tradisjonell nynorsk, legg nok vekt

på å bruka tradisjonell samsvarbøying. Men så vanleg som ikkje-samsvarbøying av

svake partisipp har vorte dei siste par tiåra, kan ein neppe seia at ho er noka sterk

markering no.

f) Nytt Framlegget avviklar valfridomen i sterke partisipp, dei skal no ha obligatorisk

samsvarbøying. Denne delen av valfridomen frå 1981 ser ikkje ut til å vera teken i bruk.

Konklusjon

Samsvarbøyinga er etter kvart mykje mindre brukt i nynorsk ved svake partisipp, og ho

er ein tydeleg komplikasjon i læringa for dei som ikkje har grunnlag for ho i talemålet

sitt. Difor er det rimeleg å sløyfe det obligatoriske kravet om samsvarbøying av svake

partisipp. Derimot viser skriftleg praksis at sterke partisipp korkje valdar store

læringsproblem eller er på vikande front. Difor gjer me framlegg om at ho blir

obligatorisk i den nye nynorsknorma.

2.2.5 Adverb

2.2.5.a Adverb med a-/-an- framfor konsonant i retningsadverb/preposisjonar)

(typen austafor/austanfor)

Status i dag

Retningsadverba har valfritt -a- eller -an- i samansetningar unnateke framfor sisteledd

som byrjar på vokal, altså utafor/utanfor, utapå/utanpå, utatil/utantil, men utanom,

utanåt. Når retningsadverbet er eit ord for ei himmelretning, skal affikset -a- brukast

framfor konsonant og -an- framfor vokal, men likevel slik at det er val framfor -til,

altså: austafor, austapå, men austanetter og austanom, og så austatil/austantil.

Framlegg

Føreledd av typen austan- kan nyttast framfor vokal og konsonant. Framfor konsonant

kan typen austa- (utan utlydande -n) også brukast.

Normhistorikk

Valfridomen ved ord for himmelretningane gjeld berre framfor -til (austatil/austantil).

Framfor konsonant elles skal n-en falla (austafor, austapå). Framfor vokal står n-en

eller suffikset blir ikkje brukt (austanom/austom). Eineformene med -a- vart innførte i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!