Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

108 dei er kjende / kjent Sterke perfektum partisipp skal ha obligatorisk samsvarbøying i predikativ stilling. Normhistorikk I 1981 vedtok Språkrådet reglar for eit system utan samsvarbøying av perfektum partisipp. Det vart tillate i rettskrivinga, men ikkje etter læreboknormalen, å bruka ubøygd partisippform av svake eller av både svake og sterke verb i predikativ stilling (dvs. etter bli, verte, vere). [Ordlyden vart noko endra i 1982, og me har gjeve att den siste versjonen.] Ubøygd partisipp i predikativ bruk skulle ha same form som supinum. Dessutan hadde nokre sterke verb hatt svake partisipp som hittil hadde vore ubøyelege, [dradd] [dratt], fått, gitt, gått, [latt], slått, stått, [tatt], og desse kunne no brukast ubøygde eller få vanleg samsvarbøying i læreboknormalen. I 1982 vart reglane som galdt sideformer med ubøygt partisipp, utvida til å gjelda uekte partisipp, dvs. adjektiv som er laga direkte av eller til partisipp, jf. t.d. egga er nylagt eller egga er nylagde, fisken er nydrege/nydregi eller fisken er nydregen. Talemålsgrunnlag: Samsvarbøying var gjennomført i gammalnorsk og finst som uheilt system i mest alle målføre. (Skjekkeland 1977:115). Best gjennomført er samsvarbøyinga i dag i vestlandske og midlandske målføre, men i yngre mål vik ho der òg. Skriftmålsgrunnlag: Ei undersøking i ein del aviser i 1999 viste at bruken av samsvarbøying av svake partisipp låg om lag jamt med ikkje-samsvarbøying. Derimot var det heilt dominerande samsvarbøying av sterke partisipp. (Sandøy 1999.) Vurdering a) Talemålsutbreiinga. Det dominerande mønsteret i norske dialektar er at ein ikkje har samsvarbøying av svake partisipp. Samsvarbøying av sterke partisipp står noko sterkare. b) Skriftleg bruk. I skrift er det i dag vorte like vanleg å ikkje bøya svake partisipp som å bøya dei. Samsvarbøying av sterke partisipp er derimot nesten fullstendig gjennomført. c) Den indre bygnaden. Syntaktisk sett har nynorsk samsvarbøying som før. Det systemet at ein ikkje treng samsvarbøya svake partisipp, kan beskrivast like presist med at ein i svake partisipp har same forma i alle kjønn og både eintal og fleirtal. Denne forma skal vera lik den ein har i supinum (dvs. etter hjelpeverbet ha). Reglane for kva former det svake partisippet skal ha i dei ymse kategoriane

109 dersom ein vil samsvarbøya dei, er nokså innfløkte for dei som ikkje har talemålsgrunnlag for dei. Bøyingsformene for dei sterke partisippa er derimot nokså enkle, og ein finn dei same att i bøyinga av adjektiv på -en, som står endå sterkare. Det gjer nok at samsvarbøying av sterke partisipp ser ut til å vera gjennomført utan problem i nynorsk, også av dei som ikkje har talemålsgrunnlag for det. e) Som identitetsuttrykk. Dei som ynskjer å skrive tradisjonell nynorsk, legg nok vekt på å bruka tradisjonell samsvarbøying. Men så vanleg som ikkje-samsvarbøying av svake partisipp har vorte dei siste par tiåra, kan ein neppe seia at ho er noka sterk markering no. f) Nytt Framlegget avviklar valfridomen i sterke partisipp, dei skal no ha obligatorisk samsvarbøying. Denne delen av valfridomen frå 1981 ser ikkje ut til å vera teken i bruk. Konklusjon Samsvarbøyinga er etter kvart mykje mindre brukt i nynorsk ved svake partisipp, og ho er ein tydeleg komplikasjon i læringa for dei som ikkje har grunnlag for ho i talemålet sitt. Difor er det rimeleg å sløyfe det obligatoriske kravet om samsvarbøying av svake partisipp. Derimot viser skriftleg praksis at sterke partisipp korkje valdar store læringsproblem eller er på vikande front. Difor gjer me framlegg om at ho blir obligatorisk i den nye nynorsknorma. 2.2.5 Adverb 2.2.5.a Adverb med a-/-an- framfor konsonant i retningsadverb/preposisjonar) (typen austafor/austanfor) Status i dag Retningsadverba har valfritt -a- eller -an- i samansetningar unnateke framfor sisteledd som byrjar på vokal, altså utafor/utanfor, utapå/utanpå, utatil/utantil, men utanom, utanåt. Når retningsadverbet er eit ord for ei himmelretning, skal affikset -a- brukast framfor konsonant og -an- framfor vokal, men likevel slik at det er val framfor -til, altså: austafor, austapå, men austanetter og austanom, og så austatil/austantil. Framlegg Føreledd av typen austan- kan nyttast framfor vokal og konsonant. Framfor konsonant kan typen austa- (utan utlydande -n) også brukast. Normhistorikk Valfridomen ved ord for himmelretningane gjeld berre framfor -til (austatil/austantil). Framfor konsonant elles skal n-en falla (austafor, austapå). Framfor vokal står n-en eller suffikset blir ikkje brukt (austanom/austom). Eineformene med -a- vart innførte i

108

dei er kjende / kjent

Sterke perfektum partisipp skal ha obligatorisk samsvarbøying i predikativ stilling.

Normhistorikk

I 1981 vedtok Språkrådet reglar for eit system utan samsvarbøying av perfektum

partisipp. Det vart tillate i rettskrivinga, men ikkje etter læreboknormalen, å bruka

ubøygd partisippform av svake eller av både svake og sterke verb i predikativ stilling

(dvs. etter bli, verte, vere). [Ordlyden vart noko endra i 1982, og me har gjeve att den

siste versjonen.] Ubøygd partisipp i predikativ bruk skulle ha same form som supinum.

Dessutan hadde nokre sterke verb hatt svake partisipp som hittil hadde vore ubøyelege,

[dradd] [dratt], fått, gitt, gått, [latt], slått, stått, [tatt], og desse kunne no brukast

ubøygde eller få vanleg samsvarbøying i læreboknormalen.

I 1982 vart reglane som galdt sideformer med ubøygt partisipp, utvida til å

gjelda uekte partisipp, dvs. adjektiv som er laga direkte av eller til partisipp, jf. t.d. egga

er nylagt eller egga er nylagde, fisken er nydrege/nydregi eller fisken er nydregen.

Talemålsgrunnlag:

Samsvarbøying var gjennomført i gammalnorsk og finst som uheilt system i mest alle

målføre. (Skjekkeland 1977:115). Best gjennomført er samsvarbøyinga i dag i

vestlandske og midlandske målføre, men i yngre mål vik ho der òg.

Skriftmålsgrunnlag:

Ei undersøking i ein del aviser i 1999 viste at bruken av samsvarbøying av svake

partisipp låg om lag jamt med ikkje-samsvarbøying. Derimot var det heilt dominerande

samsvarbøying av sterke partisipp. (Sandøy 1999.)

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Det dominerande mønsteret i norske dialektar er at ein ikkje har

samsvarbøying av svake partisipp. Samsvarbøying av sterke partisipp står noko

sterkare.

b) Skriftleg bruk. I skrift er det i dag vorte like vanleg å ikkje bøya svake partisipp som

å bøya dei. Samsvarbøying av sterke partisipp er derimot nesten fullstendig

gjennomført.

c) Den indre bygnaden. Syntaktisk sett har nynorsk samsvarbøying som før. Det

systemet at ein ikkje treng samsvarbøya svake partisipp, kan beskrivast like presist med

at ein i svake partisipp har same forma i alle kjønn og både eintal og fleirtal. Denne

forma skal vera lik den ein har i supinum (dvs. etter hjelpeverbet ha).

Reglane for kva former det svake partisippet skal ha i dei ymse kategoriane

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!