25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

104

–spirde/spirte). Dette skulle òg gjelda høre og kjøre: hørde/hørte og kjørde/kjørte. For

dei tilsvarande verba med diftong og verbet tora vart preteritumsformene høyrde

[høyrte], køyrde [køyrte] og torde [torte]. Ei anna gruppe verb fekk alternativ a-bøying

attåt e-bøying med -de/-te i preteritum (klara – klara/klarde/klarte).

Etter vedtaka i 1986 var det berre få verb på -r-utlyd med e-bøying att som ikkje

hadde fått valfritt -de eller -te i preteritum, nemleg høyre, køyre og tore.

Nynorskseksjonen gjekk på møtet 13.5.02 inn for valfridom også i desse verba.

Der det i dag er valfridom, er det noko uklårt mønster for kva status dei alternative

formene har, i verb med utgang på m og r, som me såg i tabellen under Status ovanfor:

Dels er det jamstilte hovudformer, som i limde/limte og hørde/hørte, og dels er det eine

alternativet klammeform, som i dømde [dømte] og høyrde [høyrte]. (Lime har også a-

bøying.) Dette ikkje heilt oversiktlege mønsteret prøvde framlegget frå 2000 å gjera

klårare i fordelinga mellom hovudformer og klammeformer.

Talemålsgrunnlaget

Spørjeundersøkinga som Språkrådet gjennomførte hausten 1999, viste at 47 % av dei

spurde valde preteritum på -te av verb av brenne-typen (transitivt), 30,5 % ville ha -deforma.

(Det viste seg at 14,5 % hadde valt sterk bøying, altså brant som transitivt verb.)

Brende vart vald av alle dei spurde frå Sogn og Fjordane, og av 55–75 % av informantane

frå Hordaland, Rogaland, Oppland, Telemark og Buskerud. Alle dei spurde frå Sørog

Nord-Trøndelag ville ha forma brente, det ville òg 67–75 % frå Møre og Romsdal,

Hedmark, Nordland, Troms og Finnmark.

Etter l er endinga -te mest einerådande eller fullstendig dominerande i alle

landsdelane. Endinga -de finst i nokre tilfelle på Austlandet, indre Agder og Vestlandet.

Etter m, nn, ng, ld og nd står -de sterkt i midlandsmålet, og i dialektane i Sogn og

Fjordane og på Sunnmøre Elles dominerer -te.

Når det gjeld endinga etter r, kan ein i kortform seia at endinga -te dominerer i

Ryfylke, Hordaland, Romsdal, Sør-Trøndelag og er einerådande i Nord-Noreg. Endinga

-de rår i midlandsområdet, og står nokså sterkt i Nord-Trøndelag og på Helgeland,

medan begge endingane blir brukte på Aust- og Sørlandet, Jæren, i Sogn og Fjordane og

på Sunnmøre.

Skriftmålsgrunnlag

I åtte av dei undersøkte forfattarskapane (Vikør 1995) frå 30-åra dominerte -de i

preteritum av e-verb.

Av forfattarane frå 50-åra har fem valt preteritum på -de og tre -te-endinga.

Preteritum på -te var sideform etter 1938-rettskrivinga, men desse tre forfattarane kom

vel å merka med bøkene sine etter 1959-rettskrivinga var offentleggjord. Etter 1959 var,

som nemnt ovanfor, preteritum på -te i e-verb eineform, og ingen av 70-årsforfattarane

gjennomførte preteritumsformer på -de. Fire veksla likevel mellom -de og -te frå verb til

verb (Brodal, Fløgstad, Obrestad og Sande), dei andre valde -te-endinga .

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!