25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

103

ved -m-: [dønte, drønte, stønte, vante/vente, temte]

Framlegg

Verba ovanfor skal framleis ha valfridom mellom -de og -te i preteritum. Han skal dessutan

gjelda kvilde/kvilte. (Formene limde og bestemde vart tekne ut i 2000-framlegget.)

Normhistorikk

Typane tolde/tolte og kjende/kjente:

Det gjekk fram av rettleiinga for den nye rettskrivinga frå 1918 at ein kunne bruka -de

eller -te i preteritum etter l, n og r: brenna – brende/brente, kvila – kvilde/kvilte, føra –

førde/førte, og her er namnet “e-verb” nytta. Også etter mm var det valfridom: stemma –

stemde/stemte. (Fortid kvilte vart likevel ikkje godkjent før i 1959.)

Tilråding om ny rettskrivning 1935 ville godkjenna preteritumsendinga på -te i dei

verba av 2. og 3. klasse [må forklarast] som hittil berre hadde hatt endinga -(d)e, altså i

typane sendte vsa. sende, spurte vsa. spurde, skilte vsa. skilde osv. Det vart peikt på at

bøyingsformene med -te greip meir om seg, m.a. i litteraturen, for det andre ville

bøyingsskjemaet bli lettare, og – det ville føra til fullt samsvar med bokmål. Nemnda

meinte at dei same grunnane tala for å tillata former som t.d. grøste, vente (av venja) og

temte (av temja). Resultatet i Ny rettskriving 1938 var at både spurde og skilde vart

verande eineformer, men verb som [meldte] og [sendte] fekk klammeformsatus. Det

fekk òg [vente] og [temte].

Framlegg til læreboknormal 1957 peikte på at preteritum på -te nære på var

gjennomført for e-verb som sluttar på -l. Berre to verb hadde no -de: kvila – kvilde og

tola – tolde. For at det skulle bli ein sams bøyingsregel for alle e-verb med rotutlyd på -

l, tilrådde framlegget preteritum på -te òg for desse verba. I Ny læreboknormal 1959

vart det då òg slått fast at alle verb frå dømma-klassen med rotutlyd på -l og -r skulle ha

-te i preteritum (kvilte, tolte, førte, lærte). Unntaka var høyrde, køyrde, gjorde, torde.

I 1980-åra behandla fagnemnda fordelinga mellom -te og -de i preteritum. Det

vart i 1986 gjort ei rad vedtak i denne saka. Eitt av vedtaka gjekk ut på at ein del verb

frå telja-klassen med rotutlyd på l, m, n og r bortsett frå burda og gjera skulle ha

preteritum på -de [te] (før hadde dei berre -de), av typen smørje – smurde [smurte] og

telje – talde [talte].

Av verba med utgang på -l var det fram til 2000 berre siglde/siglde og neglde som

hadde -de som hovudform og -te-klammeform. Vedtaka då endra ikkje på det, men

verbet tola gjekk frå jamstilte preteritumsformer til tolte [tolde].

Ny læreboknormal 1959 gjorde det klårt at i dømma-klassen skal alle verb med

rotutlyd på -r (og -l, sjå punktet ovanfor) ha -te i preteritum (lærte). -de-endingane vart

ikkje eingong tillatne som sideformer. Unntak var formene høyrde, køyrde, gjorde,

torde.

Som nemnt førte ei drøfting i Språkrådet først i 1980-åra fram til fleire vedtak i

1986 som galdt fordelinga av -de og -te i preteritum av e-verb. For verb med rotutlyd på

-r frå dømmaklassen vart det no bestemt at dei skulle ha valfri -de/-te i preteritum (spire

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!