25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

101

e) Som identitetsuttrykk. Dette draget er nok under "språkmedvitet" hjå mange

språkbrukarar; dei fleste følgjer talemålet sitt, og legg ikkje meir i korkje det eine eller

andre systemet.

f) Nytt Denne omlegginga kjem ikkje til å endra noko for skrivepraksisen åt folk flest.

Men blanda bøying kan få større bruksområde, og e-bøyinga kjem truleg til å bli mindre

frekvent.

Konklusjon

Både skriftmål og talemål talar for at ein må godta blanda bøying. Å stryka e-bøying av

desse verba ville både innføra noko nytt for dei som har vant seg til å bruka ho, og endå

viktigare: Den pedagogiske regelen om samsvar i vokal mellom presens og preteritum

kan ikkje lenger brukast. Det talar for at ein må opna for alle tre bøyingssystema.

Ei oppføring av tre bøyingsmønster i ordlistene er lite pedagogisk. Enklare er det

å presisera gjennom vedtak at ein ikkje treng følgje anten det eine eller andre av dei to

bøyingsmønstra. Dermed opnar ein for det mest utbreidde systemet, nemleg blanda

bøying (brukar – brukte). Me får altså ei norm som er i samsvar med dominerande

praksis. Å fjerna blanda bøying frå norma ville vera språkpolitisk svært uheldig for

nynorsken, og det ville nok i praksis vera temmeleg uråd å få brukarane til å innretta

vanane sine etter ei slik innsnevring.

2.2.4.h Verb med preteritum på -de eller -te (typen tolde/tolte, kjende/kjente,

førde/førte)

Status i dag

Dei fleste verba med e-bøying og stammeutgang på -l, -ld, -m, -n(n), -nd, -ng, -r og -rd

har i dag valfridom mellom -de og -te, men normstatusen åt dei to endingane skifter

noko:

-de [-te]

l ld m n

melde [meldte] drøymde [drøymte]

elde(st) dømde [dømte]

[eldte(st)] fløymde [fløymte]

mylde/[mylte] glumde [glumte]

sælde/[sælte] gløymde [gløymte]

siglde [siglte]

neglde [neglte]

dvalde [dvalte]

dulde [dulte]

-de/-te tolde/tolte limde/limte

bestemde/bestemte

-te [-te] kvilte [drømte]

[flømte]

kjende [kjente]

dunde [dunte]

runde [runte]

skrunde

[skrunte]

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!