Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

100 vel 90 % i Nord-Trøndelag, Troms og Finnmark stør dette formvalet 1 . Dette er fylke der alle eller dei fleste dialektane ikkje har motsetning mellom -er og -ar i presens. Over halvparten av informantane frå Aust- og Vest-Agder, Buskerud, Oppland og Sør- Trøndelag oppgjev også rein e-bøying, noko som heng saman igjen med at mange av dialektane i desse fylka ikkje har motsetning mellom -er og -ar i presens. I Sogn og Fjordane derimot bruker alle informantane den blanda bøyinga, altså typen brukar – brukt, og i Rogaland og Hordaland bruker høvesvis 67 % og 90 % dette bøyingsmønsteret. Elles er denne bøyinga brukt av 45 % i Møre og Romsdal, 39 % i Oppland, 36 % i Buskerud, og av nokre enkeltinformantar spreidde på Agder, Telemark og Nord-Noreg. Rein a-bøying dominerer i Telemark med 70 %, i Møre og Romsdal med 55 %, og det står med 30 % i Aust-Agder. Skriftmålsgrunnlag I nynorsk skriftpraksis dominerer den blanda bøyinga; ho utgjer om lag 65 %. Rein e- bøying av dei same verba er på 25 %, medan rein a-bøying berre har 10 %. (Denne utrekninga er gjord på grunnlag av opplysningar om 10 verb frå “den blanda klassen” jamførte med frekvensane for den generelle tempusfordelinga av verbformer. Rein a- eller e-bøying, dei to bøyingsmåtane som læreboknormalen godtek, utgjer berre småe mindretal i skriftpraksisen (sjå ovanfor). Skriftmålsstatistikken viser altså at folk kombinerer i stor grad etter mønsteret brukar – brukte, dvs. etter talemålet, og trass i læreboknormalen. Dei som tek konsekvensen av avgrensinga i læreboknormalen, vel nok ofte systemet bruker – brukte. (Jamfør at det har dårlegare talemålsdekning enn skriftprosenten på 25 skulle tyda på.) Vurdering a)Talemålsutbreiinga. Blanda bøying står sterkast i talemålet. b) Skriftleg bruk. Her står òg blanda bøying svært sterkt, og ei rimeleg tolking er at folk følgjer dialektsystemet sitt utan å tenkja på krava i læreboknormalen. c) Den indre bygnaden. I dei aktuelle verba har nynorsken i praksis tre bøyingsmåtar, som kvar (i alle fall to) har støtte i talemålet. Blanda bøying er systematisk nok, trass i namnet. Den pedagogiske regelen om samsvar mellom -er i presens og -de/-te i preteritum kan vera nyttig nettopp som pedagogisk regel, men han er altså ikkje i samsvar med det dominerande mønsteret i tale og skrift. d) Ordgruppe. Orda som er aktuelle her, er oftast slike som har lang stammevokal med ein konsonant etter. Men ikkje alle verb med dette særdraget følgjer denne klassen. 1 Rapporten har den merknaden at om ein tek vekk dei informantane som ikkje “kan” ha -ar i presens, blir det til dømes ingen informantar att i Oslo, Akershus, Hedmark, Nord-Trøndelag og Aust-Agder.

101 e) Som identitetsuttrykk. Dette draget er nok under "språkmedvitet" hjå mange språkbrukarar; dei fleste følgjer talemålet sitt, og legg ikkje meir i korkje det eine eller andre systemet. f) Nytt Denne omlegginga kjem ikkje til å endra noko for skrivepraksisen åt folk flest. Men blanda bøying kan få større bruksområde, og e-bøyinga kjem truleg til å bli mindre frekvent. Konklusjon Både skriftmål og talemål talar for at ein må godta blanda bøying. Å stryka e-bøying av desse verba ville både innføra noko nytt for dei som har vant seg til å bruka ho, og endå viktigare: Den pedagogiske regelen om samsvar i vokal mellom presens og preteritum kan ikkje lenger brukast. Det talar for at ein må opna for alle tre bøyingssystema. Ei oppføring av tre bøyingsmønster i ordlistene er lite pedagogisk. Enklare er det å presisera gjennom vedtak at ein ikkje treng følgje anten det eine eller andre av dei to bøyingsmønstra. Dermed opnar ein for det mest utbreidde systemet, nemleg blanda bøying (brukar – brukte). Me får altså ei norm som er i samsvar med dominerande praksis. Å fjerna blanda bøying frå norma ville vera språkpolitisk svært uheldig for nynorsken, og det ville nok i praksis vera temmeleg uråd å få brukarane til å innretta vanane sine etter ei slik innsnevring. 2.2.4.h Verb med preteritum på -de eller -te (typen tolde/tolte, kjende/kjente, førde/førte) Status i dag Dei fleste verba med e-bøying og stammeutgang på -l, -ld, -m, -n(n), -nd, -ng, -r og -rd har i dag valfridom mellom -de og -te, men normstatusen åt dei to endingane skifter noko: -de [-te] l ld m n melde [meldte] drøymde [drøymte] elde(st) dømde [dømte] [eldte(st)] fløymde [fløymte] mylde/[mylte] glumde [glumte] sælde/[sælte] gløymde [gløymte] siglde [siglte] neglde [neglte] dvalde [dvalte] dulde [dulte] -de/-te tolde/tolte limde/limte bestemde/bestemte -te [-te] kvilte [drømte] [flømte] kjende [kjente] dunde [dunte] runde [runte] skrunde [skrunte]

100

vel 90 % i Nord-Trøndelag, Troms og Finnmark stør dette formvalet 1 . Dette er fylke der

alle eller dei fleste dialektane ikkje har motsetning mellom -er og -ar i presens. Over

halvparten av informantane frå Aust- og Vest-Agder, Buskerud, Oppland og Sør-

Trøndelag oppgjev også rein e-bøying, noko som heng saman igjen med at mange av

dialektane i desse fylka ikkje har motsetning mellom -er og -ar i presens.

I Sogn og Fjordane derimot bruker alle informantane den blanda bøyinga, altså

typen brukar – brukt, og i Rogaland og Hordaland bruker høvesvis 67 % og 90 % dette

bøyingsmønsteret. Elles er denne bøyinga brukt av 45 % i Møre og Romsdal, 39 % i

Oppland, 36 % i Buskerud, og av nokre enkeltinformantar spreidde på Agder, Telemark

og Nord-Noreg.

Rein a-bøying dominerer i Telemark med 70 %, i Møre og Romsdal med 55 %, og

det står med 30 % i Aust-Agder.

Skriftmålsgrunnlag

I nynorsk skriftpraksis dominerer den blanda bøyinga; ho utgjer om lag 65 %. Rein e-

bøying av dei same verba er på 25 %, medan rein a-bøying berre har 10 %. (Denne

utrekninga er gjord på grunnlag av opplysningar om 10 verb frå “den blanda klassen”

jamførte med frekvensane for den generelle tempusfordelinga av verbformer.

Rein a- eller e-bøying, dei to bøyingsmåtane som læreboknormalen godtek, utgjer

berre småe mindretal i skriftpraksisen (sjå ovanfor). Skriftmålsstatistikken viser altså at

folk kombinerer i stor grad etter mønsteret brukar – brukte, dvs. etter talemålet, og trass

i læreboknormalen. Dei som tek konsekvensen av avgrensinga i læreboknormalen, vel

nok ofte systemet bruker – brukte. (Jamfør at det har dårlegare talemålsdekning enn

skriftprosenten på 25 skulle tyda på.)

Vurdering

a)Talemålsutbreiinga. Blanda bøying står sterkast i talemålet.

b) Skriftleg bruk. Her står òg blanda bøying svært sterkt, og ei rimeleg tolking er at folk

følgjer dialektsystemet sitt utan å tenkja på krava i læreboknormalen.

c) Den indre bygnaden. I dei aktuelle verba har nynorsken i praksis tre bøyingsmåtar,

som kvar (i alle fall to) har støtte i talemålet. Blanda bøying er systematisk nok, trass i

namnet. Den pedagogiske regelen om samsvar mellom -er i presens og -de/-te i

preteritum kan vera nyttig nettopp som pedagogisk regel, men han er altså ikkje i

samsvar med det dominerande mønsteret i tale og skrift.

d) Ordgruppe. Orda som er aktuelle her, er oftast slike som har lang stammevokal med

ein konsonant etter. Men ikkje alle verb med dette særdraget følgjer denne klassen.

1 Rapporten har den merknaden at om ein tek vekk dei informantane som ikkje “kan” ha -ar i presens, blir

det til dømes ingen informantar att i Oslo, Akershus, Hedmark, Nord-Trøndelag og Aust-Agder.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!