13.01.2015 Views

NB-BibliothecaNova 0414nett

NB-BibliothecaNova 0414nett

NB-BibliothecaNova 0414nett

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Geografiske emneord

Samisk bibliografi har også ei eiga geografisk emneordliste. Dei aller fleste

stadene og områda ligg i Noreg, men område i Sverige og Finland er også

godt representert. Vi legg stadnamna i eit hierarki med forma Fylke – Kommune

– Stad, til dømes slik: 651 $a Troms ;; Lavangen ;; Spansdalen. Når det

gjeld stad innan ein kommune, er vi svært spesifikke og går ned til gard,

husmannsplass eller buplass i utmarka. Dermed er bibliografien med og

dokumenterer samisk historie, aktivitet og busetjing.

Vi må i ein del tilfelle tilpasse hierarkiet noko. Område som omfattar meir enn

ein kommune, registrerer vi som Nordland ;; Ofoten dersom det er ein region,

eller som Nord-Trøndelag ;; Namsen for andre naturformasjonar. Strekker eit

område seg over to eller fleire fylke, går vi rett på området, t.d. Trollheimen.

Like eins er det når ein naturformasjon ligg i to land: Tanavassdraget.

Vi lagar òg geografiske emneord for dei ulike samiske distrikta: Sørsamiske,

Lulesamiske, Markesamiske, Sjøsamiske og Østsamiske distrikter fordi det

kan vere nyttig for brukarane av bibliografien. Emneord for konkret stad

kjem i tillegg.

Tidlegare brukte vi hovudsakleg atlas for å fastsetje skrivemåten for stadnamn.

Vi har dei siste par åra tatt i bruk databasen Sentralt stedsnavnregister

(SSR) som blir drive av Kartverket. Fordelen er at denne basen inneheld fleire

stadnamn enn andre oppslagsverk, og at nye vedtak blir tatt inn løpande.

Men det ligg òg ein del forelda vedtak der.

For geografiske emneord har vi eit par utfordringar. For det første gjeld

det korleis vi registrerer det geografiske hierarkiet. Vår praksis er ikkje i

samsvar med MARC21 som i felt 651 har eit omvendt hierarki, men med

eitt overordna ledd. I dømet Spansdalen må vi velje om kommunen eller

fylket skal vera dette leddet. Men MARC21 har òg eit felt 662 for å registrere

hierarkiske geografiske emneord, og der er det delfelt for ikkje-juridiske

naturformasjonar, t.d. elver, sjøar og fjell.

Den andre utfordringa dreier seg om likestilte, fleirspråklege stadnamn.

Mange stader og lokalitetar har offisielt godkjende stadnamn på to eller

tre språk: samisk - norsk, samisk - kvensk, norsk - kvensk, samisk - norsk -

kvensk. Samisk står her for nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk alt etter

kvar i landet staden ligg. Offentlege instansar som utarbeider geografiske

128

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!