13.01.2015 Views

NB-BibliothecaNova 0414nett

NB-BibliothecaNova 0414nett

NB-BibliothecaNova 0414nett

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Alle dokument i Samisk bibliografi er klassifiserte etter Løøv. Systemet blir

også brukt i dei andre samiske bibliografiane og i andre samiske bibliotek.

Emneord

Alle faglitterære innførslar får i prinsippet emneord. Unntaket er ein del

dokument der ein person, ein korporasjon eller eit geografisk område er emne

for framstillinga. Skjønnlitterære dokument får ikkje emneord.

Samisk bibliografi har ei eiga emneordliste som har utgangspunkt i ei firespråkleg

liste som vart utarbeidd ved Universitetsbiblioteket i Trondheim. Denne

emneordlista har vi utvida etter behov, og vi har prekoordinert emneorda i

emnestrengar. Nye emneord vurderer vi mot emneorda hos Biblioteksentralen

og Humord.

Fordi bibliografien har ein del emne med mange aspekt og stort dokumentunderlag,

kan emnestrengar vere nyttige for å halde orden og unngå å lage fleire

emneord enn nødvendig. Slike område er reindrift og språk. I litteraturen

om reindrift er det svært mange termar om ulike sider av næringa, og av

omsyn til brukarane er det viktig at vi bruker ein detaljert terminologi. Vi

har sjølvsagt vide termar som Reinbeite, Reindrift og Reindriftsnæring som

er delt opp i underavdelingar, t.d. med Forvaltning og Økonomi, eller i form,

t.d. Forskrifter. Dessutan har vi heilt spesifikke emneord som Reingjeting,

Reinpåkjørsler, Gjeterhytter og Reinlykke.

Vi prøver å unngå samansette emneord av typen Samisk litteratur. Emneordet

Litteratur blir da brukt. Derimot har vi oppretta emneordet Norsk litteratur.

Men i blant endrar litteraturen seg. Religion har vi brukt for den førkristne

trua. Det gjekk lenge greitt, heilt til vi fekk samiskspråklege dokument om

både religion generelt og om førkristen tru. Vi kan ikkje ha to tydingar av eitt

emneord. Dermed måtte vi ta i bruk Samisk religion for førkristen tru og la

Religion stå for religion generelt.

Eit anna emneord vi helst unngår, er Samer. Det kunne vi sikkert ha brukt

for dei fleste dokumenta i bibliografien. For dokument som handlar om både

samar og kvenar, må vi også bruke Samer dersom vi bruker Kvener. Elles er

det sjeldan aktuelt.

127

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!