13.01.2015 Views

NB-BibliothecaNova 0414nett

NB-BibliothecaNova 0414nett

NB-BibliothecaNova 0414nett

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

KVIFOR SAMISK BIBLIOGRAFI ER VIKTIG

Alle dei samiske språka er små, også samanlikna med norsk. Det er derfor

viktig at dokument på samisk blir systematisk registrerte, og at denne

informasjonen blir gjort allment tilgjengeleg. Dette er ei primær oppgåve

for Samisk bibliografi.

Like eins er det viktig at vi uavhengig av språk dokumenterer samisk kulturell

og litterær verksemd, samisk næringsliv, organisasjonsliv og politikk.

Det er mange tema som er perifere for storsamfunnet, men sentrale i ein

samisk samanheng. Viktige samiske merkeår er 1751 (lappekodisillen, dvs.

grensa mot Sverige vart fastsett), 1917 (det første samelandsmøtet) og 1989

(Sametinget vart opna). Dette må bibliografien ha eit vake auge for.

Noreg har ratifisert ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige

statar. Konvensjonen peikar m.a. på det kulturelle mangfaldet urfolk

representerer, og Samisk bibliografi er med og dokumenterer dette mangfaldet.

KVA ER SPESIELT MED SAMISK BIBLIOGRAFI

Når vi arbeider med Samisk bibliografi, er det naturleg å sjå verda gjennom

samiske briller. Med det meiner eg at bibliografien må spegle av det som er

viktig for samar. I tillegg til solid samisk språkkunnskap, må ein òg ha så god

kunnskap om samiske emne at klassenummer og emneord blir korrekte.

Utval

Utval til bibliografien er ei heilt grunnleggjande oppgåve. Vi går kvar veke

gjennom alle nye pliktavleverte monografiar og hefte i monografiseriar.

Dokument til bibliografien blir plukka ut. Her må vi ta stilling til om vi skal

ta inn heile boka, eller berre enkeltartiklar eller kapittel. Vi vurderer også

om det samiske aspektet er tydeleg nok.

Når det gjeld periodika, har vi ei liste på rundt 300 titlar der vi kvar veke

går gjennom nye hefte. Lista inneheld for det første titlar på samisk, men

det meste er periodika og årbøker som i varierande grad inneheld samiskrelevante

artiklar.

Vi har ikkje noka absolutt nedre grense for omfang av ein artikkel, men vi tar

ikkje notisaktig stoff. Derimot er vi opne for relativt korte artiklar når det

gjeld personhistorie og lokalhistorie. Geografisk er lokalhistorie interessant

frå Femundsområdet og nordover.

124

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!