NB-BibliothecaNova 0414nett
NB-BibliothecaNova 0414nett
NB-BibliothecaNova 0414nett
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Samisk bibliografi tar opp mange publikasjonstypar: Bøker,

periodika, artiklar i tidsskrift og bøker, småtrykk, lydbøker,

notetrykk (frå 2010), musikk (frå 2011) og eit utval digitale

dokument (frå 2014). Eit særtrekk ved bibliografien er det at i

overkant av 70 % av innførslane er artiklar i tidsskrift og bøker.

Vanlege monografiar utgjer drygt 25% av bibliografien. Denne

fordelinga har halde seg ganske stabil.

Samisk bibliografi inneheld hausten 2014 vel 22 000 innførslar.

Den årlege tilveksten har i seinare tid auka og ligg no på 1 400 - 1

500 postar.

Gunnar Hagen,

hovudbibliotekar,

Nasjonalbiblioteket.

Privat foto

KORT HISTORIKK

Historia om Samisk bibliografi begynte i Trondheim. Der hadde den sudettyske

bibliotekaren Justin Siegert frå 1973 på hobbybasis tatt til å samle

inn bibliografisk informasjon om samar og samiske forhold. Det vart frå

1979 løyvd offentlege midlar til arbeidet. Siegert vart pensjonert i 1982, og

prosjektet vart ført vidare av Anders Løøv og Inga-Britt Blindh.

Det vart publisert to trykte bibliografiar frå arbeidet i Trondheim. Den

første kom i 1984, dekte perioden 1966 - 1980 og hadde 2 117 bibliografiske

innførslar. Neste bibliografi kom i 1989 og tidsrommet var utvida til 1945 -

1987. Innhaldet hadde auka til 4 127 postar.

Dessverre tok løyvingane slutt, og Samisk bibliografi fekk ein lakune for

perioden 1988 -1992. Frå 1993 vart bibliografien fast plassert ved den nye

Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana (NBR). Her vart arbeidet leia av Eli

Karin Svingeseth. Ho hadde tidlegare arbeidd ved Samisk spesialbibliotek

i Karasjok. Den nye pliktavleveringslova frå 1989 gjorde det mykje lettare å

få tilgang til dokument til bibliografien.

NBR publiserte ein trykt bibliografi for 1993 - 1994. Seinare kom bibliografien

på CD-ROM, og etter kvart på internett som ein av Nasjonalbiblioteket sine

Trip-basar. Ulempa var at basen ikkje vart kontinuerleg oppdatert.

Samisk bibliografi gjekk over frå registrering i Mikromarc til registrering i

BIBSYS i 2010, og i 2011 vart postane frå Mikromarc importerte til BIBSYS.

Importen omfatta også dei 4 127 postane frå Trondheim.

123